Siste nytt frå politiloggen.

Fallulukke i Jølster

Ein person er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei arbeidsulukke på Skei, melder politiet.

Det skal vere snakk om fall i samband med arbeid i ein stolpe. Personen vart først sendt på legevakta, og sendt vidare til Førde sentralsjukehus.

I ein fartskontroll UP har hatt på E39 i Jølster i tysdag ettermiddag er det delt ut tre fartsbøter, to på Vassenden og ei Årdal. Høgste fart var 86 km/t i dei to 70-sonene.

PÅ E16 ved Ljøsne i Lærdal fekk heile 15 førarar forenkla førelegg medan UP hadde fartskontroll der. Høgst fart her var 74 km/t i 60-sona.

• • •

Ein lastebilsjåfør er meld for brot på køyre og kviletid i ein kontroll på Kjøs tysdag føremiddag. Han hadde droppa den pålagde kviletida, og fekk pålegg om å ta ei døgnkvild på 45 timar før han kunne køyre vidare.

I same kontrollen vart ein varebil vart stoppa med 1100 kg for mykje last. Bilen måtte lastast av, og føraren vert meld for å ha overlasta køyretøyet.

I tillegg måtte ein føraren av ein varebil sikre lasta betre før han fekk køyre vidare, to bilførarar måtte fjerne gjenstandar i frontvindauge før dei fekk køyre vidare, og ein sjåfør fekk beskjed om å kome seg på verkstad for å få kalibrert fartsskrivaren.

• • •

Politiet måtte måndag kveld hjelpe Biltilsynet med å sjekke ein bilførar for promille, men han bles under minstegrensa på 0,2 promille.

Måndag morgon vart det oppdaga skadeverk i Dalevegen i Høyanger. Det er knust ei rute og ei innedør i ei kommunal bygning, melder politiet på Twitter.