Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Færre elvefanga fiskar i fjor



Varmen og tørken i sommar får skulda for den dårlegaste elvefangsten på 30 år.



Det blei fiska nær 150.000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i fjor. Det er den minste fangsten sidan 1988, viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.


Av den totale fangsten blei 78 prosent av fiskane avliva, medan 22 prosent blei sleppte levande ut igjen. Tala viser at nedgangen i kilo avliva fisk frå 2017 til 2018 er på 27 prosent, medan det blei sleppt ut 16 prosent færre fiskar.


Sjølv om hovudbiletet viser nedgang i fangsten, noko som til stor del kjem av ein uvanleg tørr og varm sommar, var det store variasjonar i dei ulike elvane.


– Dette heng saman med ulik regulering av fisketida og kor mykje laks som gjekk opp i elvane. Den varme sommaren gav høg temperatur i vatnet og låg vasstand i mange elvar, skriv SSB.


Drammenselva og Mandalselva er døme på elvar der det blei fanga meir fisk enn året før. (©NPK)