Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Færre bruker belte i buss

Berre 69 prosent oppgir no at dei bruker belte i buss, mot 73 prosent på same tid i fjor. Neste veke gjennomfører Statens vegvesen kontrollar over heile landet.


– I vår sjekka vi over 13.000 busspassasjerar. No er vi på vegen igjen, og håper ikkje å måtte skrive ut eitt einaste gebyr. Med beltet festa har du marginane på di side, både for deg sjølv og ikkje minst dei du reiser saman med. Ein kropp i fart kan få enorm kraft, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen i ei pressemelding.


Gebyret for ikkje å bruke setebelte i buss er på 1500 kroner. Frå måndag 2. september vil Statens vegvesen kontrollere beltebruk i bussar over heile landet.


I aldersgruppa 16–29 år er beltebruken endå lågare enn i befolkninga generelt, viser ei spørjeundersøking utført for Statens vegvesen. Trass i at dei har belte tilgjengeleg, vel berre halvparten i denne aldersgruppa å ta det i bruk, melder Vegvesenet.


– Det er på høg tid å ta dei gode beltevanene vi har i bilen, med inn i bussen, seier Lutnæs. (©NPK)