Tunnelriggen i bakgrunnen markerer starten på ein ny epoke i Ottar Dvergsdal AS si historie.

Eventyrleg utvikling

– Vi satsar på ei ny nisje i marknaden, fortel dagleg leiar i entreprenørfirmaet Ottar Dvergsdal AS, Nils Arne Dvergsdal. Det han snakkar om er tunneldriving, og framfor verkstaden på Skei står firmaet si siste nyvinning, ein tunnelrigg.



–Vi ser at det er eit stort marknad då det kjem mange prosjekt framover. Dette gjer vi for å kunne levere eit meir komplett produkt. På førre tunnelprosjekt hadde vi underentreprenør med. Vi slepp no å dette ut av konkurransen om oppdraga fordi vi ikkje kan levere tunnel. Med dette vil vi også få betre kontroll på større prosjekt i og med at vi ikkje blir avhengige av underentreprenør på tunnel,  fortel Nils Arne Dvergsdal som til sommaren kan feire ti år som bedriftseigar og leiar.

Kraftverk

Det er sjølvsagt ein grunn til at Dvergsdal går til investering av tunnelutstyr. Og den grunnen ligg i Jølster, nemleg Stardalen kraftverk, som no er starta opp og der Dvergsdal har hovudentreprisen på anlegget som har ein total utbyggingskostnad på godt over 200 millionar.

– Det er vår kraftverkskontrakt nummer 30 sidan vi bygde det første kraftverket, også det i Stardalen, i 1999. Det er også det desidert største prosjektet vi nokon sinne har hatt, fortel Dvergsdal som på prosjektet i Stardalen har konkurrert med alle dei største entreprenørane i landet og som altså drog kjempekontrakta i land. Men det kostar å satse på tunneldrift og ifølgje Dvergsdal, så er det snakk om store investeringar.



– Riggen som står her kostar mellom åtte og ni millionar ny, denne er  brukt men i god stand. Elles har vi kjøpt hjullastar og diverse anna utstyr. Det er mykje som må på plass for å kunne drive ein tunnel, fortel Dvergsdal som også må ha folk med erfaring på tunneldrift på plass.

– Vi skal ha inn mellom fem og åtte nye medarbeidarar med det første, og dette er folk med brei erfaring når det gjeld tunneldriving, fortel entreprenøren som no tek steget ut i ein del av anleggsbransjen som entreprenørar her frå fylket stort sett har halde seg unna.

Satsar breitt

Ottar Dvergsdal AS har på ingen måte berre lokalmarknaden i sikte når det gjeld den nye satsinga. Nei, her er det snakk om å tenkje ein god lenger.

– Vi ser heilt klart føre oss heile landet som marknad når det gjeld tunneldriving, seier Dvergsdal som også ser føre seg at selskapet kanskje må omorganiserast, og då ser han føre seg at tunnelavdelinga kan bli skilt ut som eige selskap, men dette er så langt ikkje avklara.



– Men det som er sikkert, er at vi kjem til å bygge nytt lager og administrasjonsbygg. Verkstaden blir verande der han er i dag, men alt anna blir flytta over i nybygget, fortel Dvergsdal som ikkje på noverande tidspunkt har avklara spørsmålet om tomt til nybygget. Men han kjem til å styrke administrasjonen og på den måten flytte ein del av det han har av oppgåver i dag, over på andre.

– Mi viktigaste oppgåve blir å utvikle selskapet vidare og skaffe nye oppdrag, seier mannen som er inne i sitt 30. leveår, men likevel hevdar at han har 25 års fartstid i firmaet som han overtok etter faren som døydde i 2009.

 – Vi skal alltid bli betre

Ottar Dvergsdal AS hadde i rekneskapsåret 2017 ei omsetning på i overkant av 50 millionar, og eit resultat før skatt på litt over ni millionar. Han har 34 tilsette i dag og med dei nye som er på veg inn, vil det nærme seg 40. Den relativt unge leiaren er klar på kva som skal til for å skape suksess.

– Vi må heile tida bli betre, både kvar for oss og som lag.

– Skal de bli endå større, eller er toppen nådd?

– Eg ser vel føre meg å stabilisere drifta på dagens nivå. Det er nemleg slik i denne bransjen at det blir vanskelegare og vanskelegare å få omsetning og resultat til å følgjast åt, svarar Dvergsdal om er oppteken av at han har dyktige folk med seg og som har eit vesentleg ansvar for at resultata er gode og at pilene peikar oppover. Dvergsdal har heller ikkje hatt alvorlege ulukker eller uhell, og han har svært lågt sjukefråvær.

– Det handlar om å bite tennene saman om ein er litt pjusken ein dag. Når to arbeider saman og er avhengige av kvarandre, så er det betre at begge er på jobb litt og samstundes, eller at begge ligg heime kvar sin dag. Arbeidsmoral er viktig, forklarar mannen som hovudsakleg prøver å rekruttere tilsette lokalt og som også er oppteken av å rekruttere unge menneske inn i bransjen. Såleis har han i fleire år hatt lærlingar og han har i heile tida som leiar av selskapet vore oppteken av lagbygging.


– Det har vore ti spennande år


Ottar Dvergsdal AS har hatt ei nesten eventyrleg utvikling den tida Nils Arne har vore i førarsetet. Maskinparken er kraftig utvida og talet på tilsette firedobla.

Omsetning og driftsresultat har også auka jamt og trutt.

– Det har vore ti spennande år, seier Dvergsdal som er klar på at det heile tida gjeld å ha ei positiv og offensiv haldning til det han skal drive med og at han også likar utfordringar.

Krevjande

– Det er krevjande å leie eit så stort selskap, men det er også kjekt når ein har med seg dyktige folk som står på.

– Når ting blir større, må det også tenkast annleis og difor styrker vi no administrasjonen, fortel Dvergsdal som framover vil ha fire kraftverk under bygging samstundes og ha arbeid og verksamd i heile fylket. Om ikkje lenge skal selskapet også starte opp eit kommunalt vegprosjekt i Solund.

– Eg føler vi har god kompetanse på dette, etter å ha drive med bygging av kraftverk i snart 20 år, men dette med tunneldriving blir sjølvsagt noko nytt og spennande, seier Dvergsdal som også har investert  i to knuseverk for å ta hand om alle steinmassane som blir produserte på kraftverksanlegga rundt om. I Stardalen er det 150.000 m3 med stein som skal ut og på Anga kraftverk i Førde er det snakk om 14 m djupe grøfter for røyrgata på det meste. Slikt blir det stein av.



Har mykje maskiner og utstyr

– Vi prøver heile tida å halde høg standard på utstyret. Å halde maskinparken ved like er viktig for levetida og levetida er viktig for økonomien sidan bruktverdien på anleggsmaskiner er låg.



– Du blir ikkje stressa av å halde styr på så mykje?

– Nei, eg søv godt og eg søv kvar det måtte vere, om så om det er på eit golv, svarar Dvergsdal som er på veg inn i endå eit nytt, spennande år med bedrifta si. Om ikkje lenge er det drift i den nesten tre km lange tunnelen i Stardalen og dermed startar ein ny fase i historia til selskapet som seinare i år skal ha jubileum.

 



Fakta om Ottar Dvergsdal AS (Rekneskapsår 2017)

Driftsinntekter:     50.378 mill

Res. Før skatt:        9.083 mill

Eigenkapital:      45.500 mill

Eigenkapitalprosent:  70.1

Nils Arne Dvergsdal eig alle aksjane

 

Fakta Stardalen kraft

Fekk konsesjon i 2014

Årsproduksjon:     49.4 GWh

Fall:                      63.5 m

Vassveg i tunnel:    2.8 km

Inntak på Grepstad

Kraftstasjon på Klakegg

 

 

 

 

 

 

Så langt er seks gravemaskiner i sving på anlegget i Stardalen