Foto: Elise Kvien, NRK.

Even, Reinhart og Mathias kan gå til topps i Klassequizen

Laget frå Gloppen ungdomsskule skal møte tre andre skular til finale i Klassequizen i Sogn og Fjordane.

Even Kleppenes Rygg, Reinhart Aagård Midthjell og Mathias Ødven Johansen er på Gloppen ungdomsskule sitt lag i NRK sin klassequiz for 2022.

I kvalifiseringsrunda sikra dei seg elleve poeng av tolv moglege.

Artikkelen held fram under annonsen.

No skal dei møte laga frå Farnes skule (tolv poeng), Eid ungdomsskule (elleve poeng), og Førde ungdomsskule (elleve poeng) til den lokale finalen i Førde 15. desember.

Finalen blir filma i nettstraum og går direkte på radio.

I alt 44 skular i Sogn og Fjordane var med i quizen.