Den svært røynde og profilerte mediemannen Harald Stanghelle kjem til Sandane og foredragsserien «Verda og vi» torsdag. Pressefoto.

– Europa er i ei farleg tid

– Biletet av Europa er relativt mørkt nett no, men eg er moglegheitsoptimist, seier Harald Stanghelle. Torsdag 30. mars kjem han til Sandane med foredraget «Eit nytt Europa i emning: Frå forsoning til forvirring».

Stanghelle har ein lang karriere som journalist og redaktør bak seg, og har vore tilsett i mange av dei største avisene i Noreg. Han har mellom anna vore nyheitsredaktør i Aftenposten, sjefredaktør i Dagbladet, politisk redaktør i Aftenposten og er leiar i Norsk Redaktørforening.

– Vi er midt oppe i ei tid som er både forsonande og forvirrande. Vi har gått frå ein situasjon der Europa la vekt på samarbeid og integrering, til eit Europa som er drege mellom straumdrag som nasjonalisme, der både høgrepopulistiske og venstrepopulistiske parti veks. Vi er i eit tidsskifte der mange av brikkene i puslespelet ikkje er på plass, seier Stanghelle og slår fast at fleire faktorar ligg til grunn for dei skiftande tidene:

– Den store flyktningstraumen er éin av dei, men det er for enkelt å seie at dette åleine er grunnen. Vi ser nasjonalistiske straumdrag i Aust-Europa og venstrepopulistiske straumdrag i Sør-Europa.

Han meiner Europa er inne i ei farleg tid.

– Absolutt, men etter mi meining er det altfor mange som dreg raske slutningar om at det kjem til å gå berre ein veg, ein veg som er ille. Europa har framleis sterke demokratiske og rettstryggande institusjonar, i desse ligg det mykje håp, understrekar han.

Foredraget i Trivselshagen på Sandane er i regi av Gloppen Sogelag, og er det tredje av totalt seks i den andre sesongen av serien «Verda og vi».

Les meir i papirutgåva onsdag.