EU vil lovfeste ei standardisering for ladarar. Det vil vere godt nytt for lommebok og miljø, seier Forbrukarrådet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

EU vil standardisere ladekontaktar for duppedingsane dine

Ifølgje EU-kommisjonen brukar europeiske forbrukarar nesten 25 milliardar kroner i året på ladarar som ikkje følgjer med produktet. Ei standardisering av ladarar vil vere godt nytt for både miljø og lommebok, seier Forbrukarrådet.

– Dei fleste av oss har mange ladarar heime, nokon i bruk og nokon som berre støvar ned. Somme gonger slit vi med å finne riktig ladar til riktig dings, men med ei standardisering vil det vere lettare å halde orden, og billigare fordi vi ikkje treng ein ny ladar for kvart produkt vi skaffar oss, seier fagdirektør Olav Kasland på Forbrukarrådet sine nettsider.

Kasland representerer Forbrukarrådet som styremedlem i Anec, organisasjonen som arbeider med standardisering for forbrukarar i EU. Han er positiv til forslaget som EU-kommisjonen nyleg presenterte om å lovfeste éin type ladeplugg for alle berbare einingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er snakk om at der det er teknisk mogleg, skal alle einingar ha same type ladar. Anec har anbefalt at det burde vere USB-C, noko EU-kommisjonen òg har gått inn for.

Om forslaget går gjennom i EU-parlamentet, vil produsentane få ein overgangsperiode på to år for å få standardlading på plass på alle einingar.

(©NPK)