Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe Jenny Følling meiner løyvingane til rassikring må tredoblast i høve til det dei er i dag. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Etterlyser meir pengar til rassikring

Nasjonal rassikringsgruppe er skuffa over at statsbudsjettet ikkje inneheld nokon auke i løyvingane til rassikring. Gruppa ber no om at rassikring blir prioritert i budsjettforhandlingane.

Summen på 1,9 milliardar kroner som er sett av til rassikring på statsbudsjettet for 2021 er ifylgje rassikringsgruppa ikkje meir enn ei justering av kostnadsveksten.

– Det rimar dårleg med det aukande behovet vi har for rassikring, mellom anna på grunn av klimaendringane, heiter det i ei pressemelding frå den nasjonale rassikringsgruppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gruppa peikar på at det er eit stort behov for rassikring på riks- og fylkesvegane. Ei fersk kartlegging viser ifylgje rassikringsgruppa at behovet for rassikring i heile landet er på over 70 milliardar kroner.

– Nasjonal rassikringsgruppe vil difor ta opp att kravet om at rammene vi har i dag må tredoblast. Det må til for at vi kan fjerna dei mest kritikkverdige raspunkta i planperioden for Nasjonal Transportplan 2022-33, seier leiar for nasjonal rassikringsgruppe, Jenny Følling.

(©NPK)