Trenarane Øyvind Hervik (t.h.) og Espen Aagård gledar seg til seriestart i morgon kveld.

Er veldig spent på seriestarten

Tradisjon tru må unge spelarar med lite rutine fylle plassen til dei som er reiste vekk. Trenar Øyvind Hervik er veldig spent. – Seriepremieren vil gje ein peikepinn på kvar vi står, seier han.

Vi både ser og høyrer at våren er på veg. Seriestart i fotball er eitt av vårteikna. Fredag er det seriestart i 4. divisjon. Det opnar med ei skikkeleg utfordring for Sandane.

Veldig spent

Laget møter Tornado Måløy som kjempa om opprykk i fjor og sikkert har tilsvarande ambisjonar i år. Dei enda på tredjeplass i skarp konkurranse mot Sandane som heilt på tampen måtte gje tapt og enda på ein femteplass.

– Eg er veldig spent. Kampen mot Tornado Måløy vil nok gje ein bra peikepinn på kvar vi står, seier Øyvind. Han tek til på sin andre sesong som STIL-trenar. Også før denne sesongen har det vore avskalingar i spelarstallen.

– Andreas Vereide skal spele for Stryn. Ole Andre Aa vert ikkje med i vår. Martin Sivertsen arbeider i Bergen og blir ikkje med. Det vert heller ikkje Isak G. Solheim, medan Jonas Løvland blir med berre dei fire første kampane, seier Øyvind for å illustrere situasjonen.

I tillegg er Anders Silden og Jon Vegard B. Kristiansen i militæret, medan Sebastian Haugen er vekke og går på folkehøgskule.

Les meir i papirutgåva onsdag.