Er stort godt for Høgskulen?

Med nye kostar i toppen, til og med to glopparar i form av Trond Ueland som styreleiar og Rasmus Stokke som rektor, gjer Høgskulen i Sogn og Fjordane no heilomvending.

Frå å vere heilt avvisande til fusjonering med andre høgskular eller universitet, men positive til samarbeid, opnar dei no døra for å utgreie fusjon med andre høgskular på Vestlandet. – Dette er likevel ikkje noko linjeskifte, understrekar styreleiar Ueland til NRK Sogn og Fjordane.

Styreleiaren peikar på at høgskulesektoren er i stor endring, og dei treng meir kunnskap. Difor satsar Høgskulen i Sogn og Fjordane no på den same idretten som kommunane har drive med i nokre månader. Dei skal setje i gang fleire utgreiingar om samanslåing til ulike kantar samtidig. Dei skal utgreie fusjon med Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Stord/Haugesund som eit alternativ, vidare fusjon med Høgskulen i Volda og så endeleg skal dei også utgreie vidare åleinegang.

Les heile leiaren i papirutgåva måndag.