MF Gloppefjord er på veg langs kysten av Portugal (Foto: Ronny Kandal).

Er på veg langs Portugalkysten

Nyferjene til Anda-Lote er snart i Norge

Dei to ferjene MF Gloppefjord og MF Eidsfjord er snart på plass i Norge og sambandet
Anda-Lote.



MF Gloppefjord er først i løypa og passerte Gibraltar onsdag. Ferja er no på veg nordover langs
kysten av Portugal. MF Eidsfjord ligg omlag to døgn bak. Begge fartøya er venta å kome til Florø mot slutten av romjula - om veret held seg bra.

Heim til jul

Ronny Kandal frå Sandane er ein av det framtidige mannskapet på ei av dei to ferjene. Han har vore i Tyrkia under bygjeperioden for å følgje arbeidet og lære skipet å kjenne.

-Eg gjekk av i Gibraltar, fortel han og er tilbake på Sandane for å feire jul. Han har følgt med på gps-trackinga og fortel at MF Gloppefjord no er på veg langs kysten av Portugal. Han trur vêrtilhøva tilseier at resten av turen vil gå som planlagt. Ronny Kandal har sendt oss bileta som vi presenterer. Dei er tekne på verftet før heimturen starta.



Utrusting 

-Når fartøya er på plass i Florø/Nordfjord, vil det bli ein kort periode med utrustning,
opplæring av mannskap, og utteseting av kai og ladeanlegg før dei blir sett i drift. Vi
forventar at fartøya blir sett inn i ruta Anda-Lote i løpet av veke 1 eller 2, fortel regionleiar
Tor Kristoffersen.

To ferjer uansett
Sambandet startar uansett opp med 2-ferjedrift frå 1. januar i samsvar med kontrakt og
publisert rutetabell. Det vil då vere ferjene MF Årdal som trafikkerer A-ruta, og MF
Sognefjord i B-ruta.
Sambandet endrar også takstregulativ til autopassregulativet, men det blir samtidig
billettert manuelt som tidlegare.

Ombygde
-Vi vil også gjere reisande merksame på at oppstillingsplassane på kaiane er bygd om til
autopassbillettering, og at dette kan medføre noko endra køyremønster, seier
Kristoffersen. Dermed er det klart for ein ny epoke på sambandet med to ferjer om nokre dagar.

– Denne senga har vore heilt fantastisk, men eg håpar eg snart kan liggje i mi eiga seng, seier Ole-Bent.