Trenar Daniel Dammyr og GHK-herrane har hatt ein oppløftande sesong så langt. Søndag ventar det som truleg blir ein av dei vanskelegaste heimekampane denne sesongen.

– Er overraska over at vi ligg på toppen av tabellen

– Ut frå kva vi legg i det, to treningar i veka med varierande oppmøte, er eg overraska over at vi toppar tabellen, seier GHK-trenar Daniel Dammyr.

GHK sitt herrelag har levert resultat i overkant av kva ein kunne vente så langt i sesongen. Før den siste haustkampen leiar glopparane tabellen med fem poeng ned til laget som ligg på andreplass. Dette laget er søndagens motstandar BSI.

Håpar på skikkeleg kamp

– Eg veit ikkje så mykje om BSI, eg får ta ein tur og sjå dei spele mot Eid laurdag, seier Daniel Dammyr og har god tru på nok ein siger og endå større luke på tabelltoppen.

– Vi går alltid for å vinne, noko anna hadde vore kjedeleg. Klarer vi å kome opp på vanleg nivå, har eg godt håp om at vi tek poeng. Eg håpar det endeleg blir ein skikkeleg handballkamp i Trivselshallen. Det har vi ikkje hatt til no i år, vi har tidleg sett korleis kampane kom til å ende, seier han og viser mellom anna til kampen mot Sotra 2 sist søndag, ein kamp GHK vann med 28 mål.

Osmund Vereide, Vegard Sælen og Edvin Øygard er opptekne med studiar og blir ikkje med mot BSI, elles reknar trenaren med å stille fulltalig tropp.

Fokus på kontringsspel
På grunn av omlegging av seriesystemet frå åtte til fire 2. divisjonsavdelingar, er det knytt stor uvisse til opp- og nedrykk frå 3. divisjon denne sesongen. Sjølv om glopparane ligg godt an til å få spele kvalifisering om opprykk, er trenaren klar på at klubben og spelarstallen ikkje er klar for 2. divisjonsspel enno.

– Vi er i ein situasjon der vi ikkje har eit sterkt ønske om å rykke opp. Vi har ikkje ein organisasjon eller ein treningskultur som tilseier at vi skal ta det steget. Overgangen frå 3. til 2. divisjon er stor, to treningar i veka er ikkje 2. divisjonsnivå, konstaterer Dammyr og understrekar at han ikkje er oppteken av tabellsituasjonen, men av å utvikle laget og enkeltspelarar:

– Vi har fått betre sving på forsvaret, no vil vi sjå på kontringsspelet. Vi ønskjer å score fleire enkle kontringsmål.

– Håpa på større treningsiver

– Du kom frå Halden og handball på eit høgare nivå til Gloppen tidleg i haust. Har opphaldet så langt svara til forventningane og det du hadde sett føre deg?

– Både òg. Eg hadde håpa og trudd på litt større treningsiver i begge gruppene. Den største skilnaden her og der eg kom frå, er at i Halden hadde spelarane handballen som andreprioritet etter skule og studiar. Her er handballen på fjerde-/femteplass. To obligatoriske treningar på til saman tre timar av dei totalt 168 timane i veka er ikkje all verda. Likevel får ikkje alle reknestykket til å gå opp. Det er stor skilnad frå kva eg er van med, men dette er ein del av den kulturbygginga vi må arbeide med. Spelarane må bli flinkare til å planlegge og organisere.