Energi Noreg vil gi «vasskraftbonus» til hushalda
Dei ekstraordinære inntektene til staten frå dyr straum bør setjast av i eit fond for langsiktig utbetaling av «vasskraftbonus» til hushalda, foreslår Energi Norge.
Det skriv dei i ei sak på nettsidene sine.
– Vi ser for oss ein slags «vasskraftbonus» som kan utbetalast kontant til hushalda i framtidige vintrar med unormalt høge straumprisar. Ordninga kan innførast som ei permanent erstatning for den mellombelse straumstøtta, seier administrerande direktør Knut Kroepelien i Energi Norge i saka. (©NPK)