Skyting: Nils Holme frå Hyen debuterte på Kongelaget under Landsskyttarstemnet på imponerande vis, med å prikke inn ti tiarar.

Elvira Nikolaisen kjem til Sandane-dagane

Leiar for arrangementskomiteen, Aadne Gloppestad, er godt nøgd med programmet han kan presentere for Sandane-dagane, som vil gå føre seg 17.-19. august.
Fredag vil bodar og stands vere på plass. Om ein vil handle lopper, så kan ein gå på loppemarknaden som opnar på føremiddagen. På ettermiddagen vert det tradisjonen tru, moteshow på Heradsplassen og tevling i roing. Om kvelden kan ein få trimma lattermusklane og oppleve standup og ekte strilehumor med Cato & Claus i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum. Her vil det verte både parodiar og musikk. På kvelden kan ein nyte augustkvelden med å svinge seg i dansen med Torbjørn Gran.

Ein kan glede seg til Sandane-dagane, artisten Elvira Nikolaisen kjem på laurdagen for å helde gratiskonsert på Heradsplassen, saman med m.a. Olav Stedje og våre eigne søstrene Gimmestad.