Breimskoret hausta suksess då dei inviterte publikum «Til bords». Eit av høgdepunkta var Sussebass med f.v. Hege Alme, Birte Kjørvik Fossheim, Olav Hjelmeset og Britt Glomnes Willumsen.

Ellevill moro med Breimskoret

Breimskoret debuterte med eit heilt nytt konsept fredag kveld. Det fall i smak hos publikum.

Breimskoret er tilbake i Breimshallen. Denne gongen med eit nytt konsept der koret inviterer til tre rettars middag, øl og vin, og ikkje minst song og musikk. Etter 18 år var det duka for ein vri, meinte koret og satsa friskt.

Vellukka
Viljen til nytenking skal Breimskoret ha kreditt for, og det vart ein svært vellukka kveld. I tillegg til fyldig og presis korsong, flotte soloinnslag og eit orkester i toppklasse, var det også mykje moro der både tidlegare kjende andlet, og ikkje minst fleire nye, fekk publikum til å gje seg ende over i store latterutbrot.

Lang kveld
Det vart ein lang kveld, der publikum fekk høve til å la praten gå under matserveringa, men ingen kjeda seg. Og kjøkkenet med kokk Arve Myklebust og høgre hand Hilde Kvile, gjorde ein framifrå innsats basert på lokale råvarer. Alle fekk ståande applaus av publikum for innsatsen.

I salen var det flott dekte og pynta småbord. Under fredagens framsyning var det nokre ledige sete, men i kveld, laurdag, vert salen om lag fullsett. For dei som er så heldige å ha sikra seg billett, er det berre å glede seg.

 

 
• • • • • • • • • • • • • • • • • •

Kjekt med nytt frå Gloppen og Jølster?

– Følgjer du Firda Tidend på Facebook får du siste nytt rett på FB-sida di.