Dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan, og adm. dir. i Enivest, Nandor Helgheim. Foto: Framtidsfylket

Elleve nye eigarbedrifter i Framtidsfylket

- Til no har Framtidsfylket hatt 25 sterke eigarar i ryggen som alle er tunge næringslivsaktørar i Sogn og Fjordane. No var tida komen til å vise fram eit enno større mangfald, og bli eit enno sterkare lag. Difor valde vi å invitere inn fleire nye verksemder som aktivt bidreg til vekst og utvikling i fylket, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan, i ei pressemelding.

Framtidsfylket vart skipa av næringslivet i 2008, og selskapet har til no vore eigd av 25 verksemder i Sogn og Fjordane. Dei nye eigarane er Sogndal Fotball, Brødrene Aa, Enivest, Melin Medical, Berge & Co, Normatic, Wergeland Holding, Nordfjord Kjøtt, Åsen & Øvrelid, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter og Septik 24.

Sterkare i lag
Leiarane bak Enivest, Melin Medical og Haugland Rehabiliteringssenter vektlegg viktigheita av at næringslivet jobbar saman for å synleggjere mangfaldet i Sogn og Fjordane.

- Vi har vore brukarar av Framtidsfylket sine tenester i mange år, og vi meiner profileringsarbeidet som vert gjort er svært viktig - både for Enivest og ikkje minst for fylket generelt. Vi veks med 2-3 arbeidsplassar kvart år, og då er det viktig med ein langsiktig rekrutteringsstrategi. Det var ikkje eit vanskeleg val å stille namnet vårt bak denne merkevara, seier adm. direktør i Enivest, Nandor Helgheim.

- Vi har sterk tru på at innovasjon og utvikling i like stor grad kan skje i distrikta som i sentrale strøk. I Melin ønskjer å skape kompetente og drivande distrikt, og for å få til dette treng vi både engasjement rundt selskapet - og fylket vårt. Vi går inn som eigarar fordi vi meiner at Framtidsfylket gjev oss og resten av fylket ei merkevare som vi kan være stolte av, og som er eit trekkplaster for ny kompetanse og energi til Sogn og Fjordane, seier Ingvill Hestenes, dagleg leiar i Melin Medical.

- Som spesialistinstitusjon innan rehabilitering, er vi avhengig av å rekruttere tilsette med høg kompetanse innan fleire helseprofesjonar. Framtidsfylket sitt arbeid med å synleggjere næringslivet i Sogn og Fjordane og rekruttere arbeidskraft er viktig for oss, og vi ynskjer å vere engasjert i utviklinga i fylket, seier Inger Johanne Osland, dagleg leiar i Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, som også har fått ein plass i styret i Framtidsfylket.

Ein ledig plass
Bakgrunnen for utvidinga er ikkje økonomisk motivert, men fundamentert på eit ynskje om å styrke merkevara Framtidsfylket med slagkraftige aktørar i fylket.

- Vi ynskte ein variasjon i bransje, geografi og kompetanse, og det har vi fått. Saman skal vi stake ut kursen vidare for Framtidsfylket, slik at enno fleire oppdagar mulegheitene som finst i Sogn og Fjordane, seier Gro Rukan. Ho har fått fullmakt av Generalforsamlinga til å tilby 12 verksemder ein plass bak roret, så framleis er det ein ledig plass.

- Vi har mange verksemder vi gjerne vil ha med, men berre ein plass igjen. Vi ynskjer å knytte til oss ei god bedrift i indre Sogn, og der har vi jo mange å ta av, seier Rukan.