Avis i skulen: 4. klasse ved Breim skule møter redaktør Aadne Gloppestad i Firda Tidend.

Elevar i Breim fekk lære om lokalavisa

4. klasse, gruppe 1, ved Breim skule fekk i dag vitjing av redaktør Aadne Gloppestad i Firda Tidend.

Gloppestad fortalde om lokalavisa sin posisjon i samfunnet, korleis ein arbeider i ei lita avis i distrikts-Noreg og korleis avisa vert til, frå journalistane reiser ut på oppdrag og tekstane blir skrivne, til saker blir publiserte på nettet eller kjem på trykk i papirutgåva.