Elevar ved vidaregåande skular i Vestland, som engasjerer seg politisk, skal få godkjent fråvær.

Elevar får lovleg fråvær for politisk arbeid

– Vi ønskjer at elevane skal engasjere seg politisk, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har vedteke reglar for slikt arbeid som kan gje lovleg fråvær frå skulen.

I det nye fråværsreglementet for dei vidaregåande skulane i Vestland skal elevar få godkjent fråvær for aktivitet i regi av eit politisk parti, ungdomsparti, politisk organisasjon eller interesseorganisasjon, anten som deltakar eller som arrangør.

Det er eit krav at eleven må leggje fram dokumentasjon frå partiet eller organisasjonen. Men fylkestinget understrekar at eleven må passe på å ha tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag for å få karakter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mindre rom for tolking

– Dette reglementet blir lettare å følgje, og det blir mindre rom for tolking og vurdering. Dette sikrar likehandsaming og gjer det føreseielege for elevane som deltek i politisk aktivitet, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Saka starta i samband med at ungdom i 2019 gjekk til klimastreik. Då vart spørsmålet reist om deltakarane skulle frå godkjent fråvær for å streike. Dei nasjonale reglane seier ikkje klårt frå om dette. Utdanningsdirektoratet har lite utdjupande informasjon og rettleiing om kva dei legg i definisjonen «politisk arbeid». Direktoratet viser berre til at fråvær av politiske grunnar kan dokumenterast av ein politisk organisasjon.

– No har vi fått ei tydeleg tolking av reglane som klart seier frå kva som gjev lovleg fritak for politisk aktivitet. Dette skal sikre at skulane handsamar dette likt, seier Askeland.