Ungdomsskuleelevane i Hyen måtte ta stilling til ein del påstandar frå Tim McMahon og stille seg på den eine sida av klasserommet om dei var samde og på den andre sida om dei var usamde. Den amerikanske læraren teikna langt frå eit roseraudt bilete av USA, og la ikkje skjul på utfordringane landet har.

Elevane fekk lære meir om USA

Den ameriksanske læraren var begeistra for Hyen.

Demokrati og medborgarskap stod på timeplanen til ungdomsskulelevane i Hyen sist veke, og då passa det godt å få besøk av ein amerikansk lærar som var opptatt av både demokratiske verdiar og menneskerettar.

Tim McMahon er i Noreg i regi av Fulbright-programmet, som vart sett i gang i USA etter andre verdskrig med mål om å skape forståing mellom nasjonar gjennom menneskelege møte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Besøkjer skular i Noreg

– Amerikanske lærarar blir sende til Noreg for å undervise og gjere undersøkingar, medan norske lærarar reiser til USA for å gjere det same, forklarer McMahon.

Med hovudstaden som base, og med støtte frå både Noreg og USA, har han sett av eit heilt år til å reise rundt i landet for å besøkje skular.

– Eg har nyleg vore i Bergen, Øygarden og Haugesund, men dette må vere ein av dei vakraste plassane i verda. De er heldige som bur her, seier han, som sjølv bur i byen Atlanta i delstaten Georgia.

– Å ha besøk av ein amerikansk lærar er både lærerikt og kult, seier Håkon Holme og Sofie Hope (fremst).

– Kjekt og lærerikt

Torsdag hadde han workshops med elevane på ungdomskulesteget i Hyen.

– Den første økta i dag vil handle om demokrati og menneskerettar. I den andre økta tek vi føre oss det amerikanske fengselssystemet og samanliknar det med det norske. Undervegs opnar eg opp for spørsmål og dialog, slik at elevane heile tida får høve til å snakke engelsk, påpeikar han.

Sofie Hope går i 9. klasse, medan Håkon Holme går i 10. klasse.

– Dette har vore ein kjekk og lærerik dag. Vi har mellom anna fått innsyn i korleis det amerikanske samfunnet fungerer, og har fått kjennskap til ulikskapar mellom Noreg og USA. Det er nyttig å få kunnskap om andre land. Dei har ofte ein annan måte å tenke og leve på enn oss. I starten var det litt uvant å ha ein lærar som snakkar engelsk heile tida, men det gjekk seg raskt til, var også litt kult, seier dei.

Elevane fekk ulike utfordringar undervegs. Alfred Hope i samtale med kontaktlærar Ragnhild Hope Birkeland.

– På tide med nytt besøk

Begge set pris på variasjon i skulekvardagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss dagane blir heilt like, kan vi bli litt leie. Dette har vore ein motiverande skuledag, seier dei.

– Er de opptekne av USA?

– Vi høyrer mykje om USA gjennom media, vedgår dei to.

Ragnhild Hope Birkeland er kontaktlærar for 8. og 9. klasse ved Hyen skule.

– Vi har hatt besøk av ein lærar frå Fulbright-programmet éin gong før, og no tykte eg det var på tide med eit nytt besøk. Dette er ein fin måte å bringe litt av verda til vesle Hyen, og gjennom Tim får elevane ein direkte link til USA. Dei får ikkje berre høyre om dette landet via skjerm. Som lærar er det kjekt å oppleve at elevane klarer å henge med og snakke engelsk. Det gjev dei ei kjensle av meistring. Tidlegare i dag vitja han elevar på mellomsteget, fortel ho.

Som oppvarming fekk Tim McMahon elevane med på karaoke.