Formørkinga 21. august oppstår ved at månen skyggar for sola i eit belte som mellom anna strekker seg over USA og Atlanterhavet og heilt aust til Sør-Norge. (Illustrasjon: NASA's Scientific Visualization Studio)

Eksotisk mini-solformørking

Måndag opplever USA ei sjeldan, total solformørking, som strekker seg som eit smalt band over heile kontinentet. Men også dei aller vestlegaste delane av Europa får kjenning med fenomenet.

I Norge vil ein i Sør-Norge oppleve den aller austlege delen av formørkinga som ei mini-solformørking rett før sola går ned måndag kveld.



- Dette vert truleg den minste solformørkinga vi får sjå i Noreg i så langt vi kan sjå framover. Det vert derfor eit artig og sjeldan fenomen, seier astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes.



Om ein brukar solformørkingsbriller eller anna sikkert solobservasjonsutstyr kan ein i rundt 25 minutt sjå korleis måneranden kjem bort over nedste delen av solskiva. Månen vil sjåast som ein «bulk» som sakte flyttar seg i kanten på sola.

Grunnen til dette er at månen passerer framom sola – sett frå Noreg. Sjølv om formørkinga er lita, vil månen likevel dekke godt seks prosent meir av sola enn det Venus gjorde i 2012, fortel Ødegaard.

Under miniformørkinga vil månen dekke drøyt seks gongar meir av solskiva enn Venus gjorde i 2012. Til venstre korleos formørkinga vil sjåast frå Stavanger. Til høgre Venus-passasjen 6. juni 2012. (Illustrasjon (venstre): Sannes & Ødegaard, foto: NASA/SDO & the AIA, EVE, and HMI teams)