Eivind Øygard. Arkivfoto.

Eivind Øygard nr. tre i Oslo

Oslo Maraton gjekk av stabelen i dag, laurdag, og i tillegg til heilmaraton blir det også arrangert 5 km, 10 km og halvmaraton.

God 10 km av Øygard

Eivind Øygard frå Jølster hadde mål om medalje på 10.000 m under Nm på Byrkjelo, men slik gjekk det ikkje. Ein  akillesskade øydela mykje av sesongen og berre 40 prosent av normal treningsmengde gjorde at han hamna eit stykke ned på lista i NM.

Men i dag stilte han til start på 10 km, "10 for Grete" under Oslo Maraton og kom inn på tredjeplass, 19 sekund bak vinnaren. Marius Vedvik frå Førde vann halvmaraton.