Koronavirus. Illustrasjonsfoto.

Eitt nytt korona-tilfelle

Er sett i isolasjon.

Ein person frå Stad kommune har fått påvist positiv korona-test, melder Helse Førde i sin daglege rapport om testresultat ved laboratoriet på Sentralsjukehuset i Førde.

I følge Fjordenes Tidende er personen som no har fått påvist smitte nærkontakt med personar som tidlegare denne veka fekk positive korona-test.

– Personen er nærkontakt til tre personar i same husstand som allereie har fått påvist smitte den siste tida, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i Stad kommune i ein e-post til avisa.

Dette er det første positive resultatet ved laboratoriet på Sentralsjukehuset i Førde sidan tysdag.