Klar til start på den lange turen. Eirik og elghunden Rahja ned Svenskegrensa aust for Røros. Alle foto frå turen: Eirik Arnestad Hellerud.

Eirik har gjennomført sin livs tur

Eirik Hellerud Arnestad (21) har gjennomført sin livs tur til no. Tiande februar starta han. På fødselsdagen 27. mars steig han i land i Hyllestad. – Det gav absolutt meirsmak, seier han.

Eirik Hellerud har hatt ei draum: Han ønskte å gjennomføre ein lenger tur. No er det gjort, og ganske sikkert blir det fleire.

– Eg har alltid vore interessert i jakt, fiske og friluftsliv, seier han.

Friår

Eirik nytta året etter at han var ferdig med militærtenesta til å realisere draumen. Dette året er eit friår. Til hausten ventar studiane.

– Eigentleg skulle ein kamerat frå militærtenesta vere med, men han kunne likevel ikkje. Derfor lånte eg elghunden Rahja til onkelen min, Arild Arnestad. Planen var at bikkja skulle trekkje pulken litt, men ho var for lat, seier Eirik med eit smil. Derimot var Rahja godt selskap og ein god og vaktsam turkamerat.

– Ho kosa seg kvar dag og fekk god trim, ho og, seier Eirik. På nokre strekningar følgde han vegen. Derfor hadde bestefaren, Kristen Arnestad, laga eit sett hjul som vart påmontert ved behov. Det fungerte veldig bra.



Les heile saka i papirutgåva onsdag.

Roturen Sognefjorden på langs er godt i gang, her er Vegard og Ole Martin Flatjord ved årane og kavar seg forbi ferjesambandet Manheller-Fodnes.