Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Einsame studentar har ein meir usunn livsstil

Ei amerikansk undersøking fann at studentar som seier at dei er einsame sit meir stille og et meir usunn mat.

Det skriv forskning.no.

Mange studentar slit med einsemd. Det er spesielt vanleg i byrjinga av studietida, når ein gjerne har flytta til ein ny stad og ikkje har etablert eit nettverk enno. Ei undersøking gjort av forskarar ved George Mason University fann at heile 80 prosent av dei ferske studentane sa at dei var litt eller veldig einsame.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei einsame studentane åt blant anna meir usunn mat. Foto: Fredrik Varfjell/NTB/NPK.

Det er kjent frå før at einsemd heng saman med dårleg helse. I denne studien fann forskarane at einsemd var relatert til ein usunn livsstil. Ein større del av dei einsame studentane var lite i fysisk aktivitet. Dei hadde òg eit meir feittrikt kosthald. Forskarane kan likevel ikkje seia frå denne studien om studentane har ein usunn livsstil fordi dei er einsame, eller om einsemd og usunn livsstil heng saman på ein annan måte. (©NPK)