Ein ungkalv i regjeringa

Etter 792 dagar var Sylvi Listhaug si tid som landbruksminister over. No skal ho handtere asylsituasjonen i sitt nye departement, og vi får tru og håpe at det vil passe betre for Sylvi enn landbruk.

Sjølv om ho kjem frå eit småbruk frå Møre, har hennar politiske agenda vore å bygge opp store bruk og einingar på kostnad av dei små, noko som over tid rokkar ved heile distriktsprofilen. Konsekvensane av dette ser vi t.d. med utviklinga av sauenæringa, der det alt neste år kan vere snudd frå mangel til overproduksjon av lammekjøt, fordi ein har sleppt stordrifta fri i laus dressur. Dette vil gje problem for dei som har satsa stort i god tru, og det vil kunne skvise mange små ut av næringa.

Sjølv om Listhaug gjerne har vore eit friskt pust, er politikken hennar slett ikkje med på å ale fram eit distrikts- og miljøvenleg landbruk med høg dyrevelferd. Difor er vi slett ikkje lei oss for at Listhaug skifter departement, sjølv om vi ikkje tek like sterkt i som den kvinnelege bonden som til ei avis nyleg fortalde at ho gledde seg kvar morgon, fordi det var ein dag mindre med Sylvi Listhaug som landbruksminister! No slepp ho å rekne på det, og inn frå Dalsfjorden i Volda kjem ein ny møring som landbruksminister. 31 år gamle Jon Georg Dale, også kalla ”Goggen”, som blir regjeringa Solberg sin yngste statsråd.

Han har siste tida vore statssekretær i finans, men vi kjenner han best frå si tid som statssekretær for Solvik-Olsen i samferdsle. Vi fekk eit godt inntrykk då, at han i tillegg er oppvaksen på eit småbruk med sauedrift, og har god røynsle frå kjøtbransjen, m.a. som kjøtskjerar i Nortura, ser vi som ein svært god bagasje inn i den nye jobben. Ein kan seie mykje om Sylvi Listhaug, men ganske modig var ho. Dette motet håpar vi også Dale har, motet til å meisle ut sin eigen politikk og ikkje berre bli ei forlenging av Listhaug sitt tankegods.

Vi håpar at han ser norsk landbruk med ståstad i småbruket i Volda, og at han med det som utgangspunkt vil forme ein landbrukspolitikk som gjev ei framtid for både små og mellomstore aktørar, berre dette kan sikre eit framtidsretta og berekraftig landbruk over heile landet. Dette vil bli heilt avgjerande også for mange bygder si framtid. For FrP er det også ein historisk sjanse til å kunne bli eit distriktsparti, eit område der dei heilt klart slit med tilliten i dag.

Vi håpar såleis det er ein statsråd som har vestlandsbonden sine briller med seg inn på kontoret, det er eit levande landbruk over heile landet avhengig av. Vi syns det er ei spennande val, og har forhåpningar om endringar i det dårleg forankra landbrukspolitiske synet som i alle fall den liberalistiske delen av FrP står for. Som ein ungkalv i regjeringa har Dale også godt høve til å gjere kursendringar til beste for norsk landbruk. Som eit stort landbruksdistrikt vert Dale ein svært viktig mann for vårt område. Vi ønskjer all lukke, og håpar han vil få ein god dialog med næringa og vil styrke posisjonen for eit landbruk i heile landet.

Og det gode rådet må vere at kalven ikkje gløymer kvar han kjem ifrå, slik forgjengaren vart skulda for…