Éin sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus har testa positivt på covid-19.

Éin tilsett har testa positivt

Éin tilsett ved Nordfjord sjukehus har testa positivt på covid-19. Testane til pasientane som har vore i kontakt med den smitta svenske legen, er negative.

​Sist fredag testa ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus positivt på koronaviruset. Testresultata for pasientar og tilsette som har hatt nær kontakt med legen blei klare måndag kveld.

I heimekarantene

Éin sjukepleiar som jobba saman med den svenske legen på éi vakt, har testa positivt. Sjukepleiaren er i heimekarantene. Dei som vart sette i karantene før helga er no testa, bortsett frå éin tilsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter det sannsynlege smittetidspunktet, vakta då sjukepleiaren og legen arbeidde saman, gjekk sjukepleiaren ytterlegare to vakter på sengeposten. Dette gjer at nokre fleire pasientar som var inneliggande på desse vaktene må isolerast på einerom og testast.

Kan vere fleire

– Arbeidet med å spore pasientar og tilsette som sjukepleiaren har hatt kontakt, med starta i går kveld. Det blir også gjort tiltak for å avgrense ytterlegare smittespreiing, seier direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

Hele Førde kan ikkje sjå vekk frå at fleire kan ha blitt smitta og kome til å teste positivt seinare.

Nordfjord sjukehus er framleis stengt for nye innleggingar på sengepost og overføring av pasientar frå andre sjukehus.

Pasientar frå Nordfjord som treng sjukehusinnlegging vert lagt inn ved Førde sentralsjukehus. Aktiviteten på poliklinikkar, God start-eininga og dialysen går som før. Det same gjeld den kommunale legevakta som er lokalisert til sjukehuset.