Ein ny milepæl: No er det innført 20 min. avgangar på sambandet Anda – Lote.

Ein ny milepæl på ferje- sambandet Anda – Lote

Frå årsskiftet vart det innført 20 minutts avgangar på sambandet Anda - Lote.



– Det er heilt topp med 20 min. avgangar. Det betyr redusert ventetid, seier vogntogsjåfør Kjetil Myrold. Dei to hybridferjene er framleis ikkje komne til Noreg.

Frå årsskiftet passerte ferjesambandet Anda – Lote ein ny milepæl. Då var det slutt på halvtimes avgangar og innført 20 min. avgangar. Tre avgangar kvar veg kvar time har vore etterlengta på eit ferjesamband der trafikken nesten utan avbrot har auka kvart einaste år.

Mindre venting

Første ordinære arbeidsdag i 2018 var Kjetil Myrold, som køyrer vogntog for Retura, ein av trafikantane som trilla inn på ferjeleiet i Anda.

– Det er heilt topp med 20 minutts avgangar. Til hyppigare frekvens, til betre er det, smiler han. Med base på Sandane og mange transportoppdrag rundt om i Nordfjord og vidare nordover fortel han at det ofte blir ein del venting. Tysdag morgon var han på veg til Ålesund.

At det ikkje var dei nye hybridferjene som var i trafikk, brydde han seg ikkje noko særleg om, men han ser likevel fram til at dei kjem på plass.



– Nullutslepp er bra

– Ja, det gjer eg så lenge dei får dei til å fungere som dei skal. Det har vore ein god del problem på sambandet Lavik – Oppedal, peikar han på. Myrold tykkjer det er flott med ferjer som nesten er utsleppsfrie.

– Men det er sjølvsagt brua vi ventar på. Det ville spart oss for mykje vekkasta tid og mykje pengar, seier han.

Etter planen skulle autopass-billettering vore innført frå årsskiftet. Det er førebels ikkje skjedd, med unntak for at takstregulativet er endra. Ferjebillettør tysdag morgon var matroslærling Kristian Hauge.

Mindre stress

– Det er litt greiare å vere billettør no når trafikken blir delt på to ferjer i staden for ei, seier han og fortel at det er tilstrekkjeleg kapasitet.

– Men nett no er ikkje den travlegaste sesongen. Det er til sommaren, peika han på.

Tor Kristoffersen er regionleiar i Fjord1. Han opplyser at dei to ferjene er på veg, men er forseinka. MF Gloppefjord er komen lengst. Ho er venta til Florø i morgon, torsdag, medan MF Eidsfjord ikkje er komen lenger enn til Biscayabukta i Nord-Spania.

– Det er store fartøy, men dei er bygde med låge baugar og fall-lemmar. Med ein gong det vert litt sjø, må dei gje seg, forklarer han.



Treningsperiode

– Det har vore fleire stogg under vegs. Det har vore ei tøff reise vêrmessig, seier han. Innan fjorten dagar håpar han at også Eidfjord er komen til Florø. Der vert det gjort ein del tekniske justeringar i tillegg til at ein del utstyr skal om bord.

Deretter vert det ein treningsperiode for at mannskapet skal lære skipet å kjenne.

– Vi skal teste ladesystemet og fartøyningsautomaten og gjere nødvendige tilpassingar, seier Tor Kristoffersen. Han er ikkje uroa over sjølve drifta som han trur vil gå greitt.

I tråd med kontrakten

Etter kontrakten med Statens vegvesen, som kjøper ferjetenester av Fjord1, skulle dei to hybridferjene vore sette i drift på sambandet første januar.

– Fjord1 oppfyller kontrakten sjølv om det ikkje er i samsvar med den opprinnelege planen. I ein overgangsperiode på fire månader har Fjord1 løyve til å ta inn og ut dei nye ferjene, seier han og slår fast at reiarlaget er godt innan den kapasiteten det skal vere på sambandet.

– Forseinkinga uroar oss ikkje på nokon måte. Det viktigaste no er at dei to nye ferjene gjennomfører ein trygg og god seglas slik at dei kjem fram utan skadar, seier Sæternes. Han veit førebels ikkje nøyaktig kor tid hybridferjene er på plass.

– Planen før jul var å sjå tida litt an og lage ein ny plan for innfasing av dei to ferjene. Den planen skal Fjord1 lage no, seier han.

 

 

kjetil myrold tykkjer det er flott med 20 min. avgangar anda - lote
MF Gloppefjord er venta til Florø i morgon, torsdag (Foto: Ronny Kandal