Redaktør Bjørn Grov kan konstatere at opplagstalet til Firda Tidend held seg nokolunde stabilt.

Ein liten nedgang for FT

Opplagstala som vart presenterte for avisene i går, viser eit generelt bilete av nedgang for papiravisene.

Dette galdt også for Firda Tidend, sjølv om det ikkje er snakk om dramatiske tal. Nedgangen var på 50, godt under to prosent, og opplagstalet for i fjor enda til slutt på 2977.

– Det er klart at vi ikkje er nøgde med minustal. Men likevel har vi greidd å halde stillinga bra i dei tidene vi er inne i no. Sett over fleire år har det vore stabilt. Vi merkar kvar einaste dag at lokalavisa framleis står sterkt og er svært viktig for folk, ja merkeleg nok er trykket kanskje større enn nokon gong. Og det er positivt, seier redaktør Bjørn Grov.

Trafikken på nettavisa har auka, men som alle veit generer ikkje det inntekter på same måten som papiravisa.

Grov fortel at ein også håpar å ha på beina ei e-avis i løpet av våren.

– Då kan folk som ønskjer det få kjøpe avisa på pc, brett eller mobil i tillegg til, eller i staden for papiravisa, seier han.

Her er tala for avisene i fylket, inkludert det digitale opplaget for dei som har e-avis:

Firda 11.634 (-338)
Firda Tidend 2977 (-50)
Firdaposten 4871 (-106)
Fjordabladet 2579 (-47)
Fjordenes Tidende 4648 (-127)
Fjordingen 3863 (-116)
Sogn Avis 9055 (-386)
Ytre Sogn 1556 (+ 22)