Mange av dei som enno ikkje er vaksinerte, vil bli det dei næraste vekene. Det er ikkje slik at alle desse har nekta, seier overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB/NPK.

Ein halv million vaksne nordmenn er framleis uvaksinerte

FHI er ikkje uroleg sjølv om ein halv million nordmenn enno ikkje har fått sine første vaksinedose. – Det blir færre etter kvart, seier Preben Aavitsland.

– Viss folk har spørsmål, skal vi svare. Er det misforståingar, skal vi oppklare. Men viss dei ikkje vil, så vil dei ikkje. Dette er eit tilbod, seier overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet (FHI) i ein e-post til NRK.

Sjølv om nesten ein halv million vaksne nordmenn ikkje har teke imot første vaksinedose, er ikkje Aavitsland særleg bekymra. På NRK P2s nyheitsmorgon torsdag understreka han at Noreg har ei eineståande god oppslutning om vaksineprogrammet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har ikkje noko register over dei som har takka nei til vaksinasjon. Mange av dei som enno ikkje er vaksinerte, vil bli det dei næraste vekene. Det er ikkje slik at alle desse har nekta, seier Aavitsland torsdag kveld.

Tre prosent seier nei

Om lag tre prosent av den norske befolkninga seier dei ikkje vil ta vaksinen. Samtidig seier rundt tre prosent at dei er usikre på om dei vil ta vaksinen, ifølgje meiningsmålingane FHI gjer annakvar veke. Denne delen har falle sidan vaksinasjonen kom i gang.

Aavitsland legg til at gjenopningsplanen må ta omsyn til smittesituasjonen.

– Vi er ikkje heilt i mål enno. Gjenopninga må ta omsyn til smittesituasjonen, særleg talet på nye innleggingar, skriv han.

Flest uvaksinerte i Troms og Finnmark og Rogaland

Trøndelag og Innlandet toppar no vaksinestatistikken. Her er høvesvis 90,6 prosent og 90,5 prosent av befolkninga over 18 år vaksinerte med minst éin dose.

Den lågaste delen vaksinerte finn vi i Troms og Finnmark med 86,3 prosent og Rogaland der delen er 87,4 prosent, viser vaksinetala frå FHI torsdag.

I alt er det no sett 6,6 millionar vaksinedosar her i landet. Vel 3,8 millionar har fått første dose og nesten 2,8 millionar nordmenn er fullvaksinerte.

(©NPK)