Ein gledas dag

Onsdag føremiddag vart det endeleg klart at ein samla Transportkomite på Stortinget i si innstilling til statsbudsjettet for 2016 går inn for å setje av planleggingsmidlar til utbetring av flaskehalsar på E 39 Sandane-Byrkjelo.

Komiteen seier at dei har merka seg det store behovet for utbetring av denne vegen, og ber regjeringa om at planarbeidet skal ferdigstillast slik at utbetring av flaskehalsane kan gjennomførast.

Det er svært gledeleg at denne merknaden og dette vedtaket endeleg kjem, og det er ein stor styrke at alle dei politiske partia står samla bak og uttrykkjer seg positivt til vedtaket. Dette er ein jubeldag for Gloppen, Nordfjord og fylket, for dette er ein av våre aller viktigaste vegar. Den er veldig viktig for den lokale arbeidsmarknaden, men også i regional og nasjonal samanheng.

Når ein i 2018 får 20 minutts ferje på Anda-Lote vil det bli eit løft for samkvemet i heile regionen. Diagonalen frå ytre og midtre Nordfjord til Sunnfjord og indre Sogn vert enda sterkare. Det einaste ein kan undre seg over er kvifor det har tatt så lang tid før noko skikkeleg har vorte gjort med det som står igjen i Breimsfjellet, for deler av vegen byggjer enda på den tid det var hest og kjerre som trafikkerte her.

Les heile leiaren i papirutgåva fredag.