Mange har erstatta den ekte julegrana med eit juletre i plast. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix / NPK

Ein av tre går for kunstig juletre


Trenden med plastjuletre brer om seg. Nesten ein av tre nordmenn vel no eit kunstig juletre i staden for ekte, nyfelte tre.


Ei undersøking Sentio har gjort for Nationen viser at 29 prosent av befolkninga no kjøper juletre i plast.


Folk som bur på stader med mellom 5.000 og 50.000 innbyggjarar toppar statistikken for plastjuletre, og ifylgje Nationen kjem dei fleste frå Nord-Noreg, medan oslofolk er dei som kjøper færrast juletre i plast.


Kva type juletre ein vel varierer litt mellom ulike aldersgrupper, men både i aldersgruppa 30–45 og folk over 60 år er det rundt 30 prosent som vel kunstig juletre. Blant folk under 30 år er det til samanlikning 25 prosent som vel det same.


Ser ein på politisk tilknyting er det flest Frp-veljarar som går for plastjuletre. 45 prosent av dei kjøper juletre i plast. Blant Ap-veljarane og Høgre-veljarane er det 28 prosent som gjer det same. Undersøkinga viser elles at 30 prosent av Sp-veljarane vel juletre i plast, medan berre 18 prosent av veljarane til Miljøpartiet Dei Grøne føretrekkjer kunstig juletre.


Rundspørjinga viser elles at det er omtrent like mange kvinner som menn som vel plastjuletre. Resultatet byggjer på svar frå 1000 personar i heile landet.


(©NPK)