Meir enn éin million nordmenn eig ikkje kredittkort. Foto: Jon Olav Nesvold/NTB/NPK.

Éin av fire nordmenn eig ikkje kredittkort

1.088.295 vaksne eig ikkje kredittkort. «Alle andre» har 154 milliardar kroner i samla kredittgjeld.

Kjendisøkonom Hallgeir Kvadsheim meiner talet på kredittkortlause vaksne er høgt.

– Freistinga er jo stor for å bruke pengar du ikkje har med kort som dette, og viss du slit med låg impulskontroll så kan det vere greitt å ikkje ha det, seier Kvadsheim til P4.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjeldsregisteret viser at dei nær 3,2 millionar nordmenn som eig kredittkort, har totalt 154 milliardar kroner i usikra gjeld. Registeret vart innført i 2019.

(©NPK)