Ein snus i overleppa er blitt stadig vanlegare blant nordmenn dei siste ti åra. Foto: Erlend Aas/NTB/NPK.

Éin av fire fødde på 90-talet snusar dagleg

Svært få unge røyker, men delen unge som snusar dagleg, held fram med å stige.

I fjor snusa 27 prosent av dei fødd på 90-talet dagleg. I 2008 snusa 16 prosent av 90-talsfolket som var over 15 år gamle.

– Auken er såpass stor at han ikkje berre kan knytast til nedgangen i røyking blant personar i den samen fødselskohorten, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre 3 prosent av aldersgruppa røykte dagleg i fjor. Det er ein nedgang frå 8 prosent frå 2008. I same periode har delen «av-og-til-røykarar» fødd på 90-talet auka frå 8 til 16 prosent. Det inkluderer festrøyking.

SSB ser inga antydning til at snusbruken blant unge i Noreg er på veg ned – snarare tvert imot.

– For heile befolkninga mellom 16 og 74 år har snusbruken auka dei siste ti åra, men ser ut til å ha stabilisert seg på rundt 12–14 prosent sidan 2017, skriv SSB.

12 prosent av personar fødd på 2000-talet som er over 15 år, snusa dagleg i fjor. I 2018 var delen 9 prosent. For kvart år sidan 2017 har berre 1 prosent av aldersgruppa røykt dagleg.

(©NPK)