BBIL G13. Foto: Reed Foto AS.

Eikelandsfjorden blei for sterke

Breimsbygda sitt G13-lag (7-ar) tapte 4-1 mot Eikelandsfjorden i 1/8-finalen i A-sluttspelet i Norway Cup onsdag ettermiddag.

Men breimningane har all grunn til å vere nøgde med innsatsen i den største fotballturneringa i verda. Dei vart nummer to i gruppa si og tok seg vidare til sluttspelet etter å ha slege Tønsberg, Osterøy og Bækkelaget, samt tapt mot gruppevinnar Bergsøy.

I 1/16-finalen vart det heile 6-0 mot Jardar.