OPPLÆRING I ORGANISASJONSLIVET: 17 regionale barne- og ungdomsorganisasjonar har fått til saman 1,7 millionar kroner i tilskot frå Vestland fylkeskommune i 2020. Illustrasjonsfoto: Shutterstock.

– Ei investering i demokratiet

Vestland fylkeskommune støttar regionale barne- og ungdomsorganisasjonar med 1,7 millionar kroner i 2020. Pengane går i stor grad til demokratiskulering og organisasjonsutvikling og -opplæring.

– Vi har mange og varierte barne- og ungdomsorganisasjonar i Vestland. Føremålet og aktiviteten spenner frå kultur, idrett og friluftsliv til politisk og humanitært arbeid, helse og livssyn. Felles for dei er at dei lærer opp unge i organisasjonslivet – og dermed samfunnslivet. Ved å støtte desse organisasjonane, investerer fylkeskommunen i framtida til demokratiet i fylket, og det er ei god investering, slår Stian Davies fast i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Han er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering, som løyvde dei 1,7 millionane i møtet sitt 16. september.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle får meir enn tidlegare

Til saman 17 organisasjonar får støtte, med summar frå 30 000 kr til 300 000 kroner. Så godt som alle organisasjonane får meir i driftsstøtte i år enn dei gjorde tidlegare i dei gamle fylkeskommunane. Den einaste som ikkje får auka støtte er 4H Sogn og Fjordane, som får like mykje som før og mest av alle med 300 000 kr.

Målet med støtta er å leggje til rette slik at medlemene sjølve kan styre organisasjonane, og arbeide med demokratiskulering, organisasjonsutvikling og organisasjonsopplæring for barn og unge.

– Det går føre seg mykje viktig, frivillig organisasjons- og demokratiarbeid i barne- og ungdomsorganisasjonane i Vestland. Det er medlemane deira som skal ta over «vaksenorganisasjonane» og politikken i framtida. Ein god start her er heilt sentralt for både kunnskap og kanskje endå viktigare – for motivasjonen til å halde fram i det demokratiske organisasjonslivet, seier Davies.

Desse får støtte

4H Hordaland: 127 000 kr

4H Sogn og Fjordane: 300 000 kr

Bjørgvin krets av Norges KFUK-KFUM: 140 000 kr

Bjørgvin krets av Norges KFUK-KFUM speidere: 90 000 kr

CISV Hordaland (+ SFj) 100 000 kr

Artikkelen held fram under annonsen.

Haugaland krets av Norges KFUK-KFUM: 80 000 kr

Hordaland barne- og ungdomssjakk: 30 000 kr

Hordaland krets av Norges speiderforbund: 130 000 kr

Hordaland Røde Kors: 110 000 kr

Hyperion vest: 80 000 kr

KFUK-KFUM Sogn og Fjordane: 120 000 kr

Miljøagentene i Vestland: 60 000 kr

Ryvarden krins av N. speiderforbund: 80 000 kr

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndagsskolen Bergen krets: 75 000 kr

Søndagsskolen Karmsund- Sunnhordaland: 50 000 kr

Ung i kor vest: 100 000 kr

Ung kyrkjesong vest: 80 000 kr