– Eg synest tonen var positiv
– Det var god dialog og veldig nyttig å få kontakt med Statens vegvesen, seier dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS, Jan Olav Tryggestad.
Bruselskapet presenterte planane sine og fortalde korleis dei arbeider med å realisere desse på eit møte med Statens vegvesen sist onsdag. Vegvesenet kom med tilbakemeldingar på arbeidet som er gjort, og gav råd for vegen vidare.
Tre alternativ
– Vi kjem til å arbeide vidare som før. Det heilt sentrale blir å finne det rette brukonseptet. Det er stor kostnadsskilnad mellom flytebru og hengebru, finansieringa blir heilt sentral, seier Jan Olav Tryggestad.
Plan- og utviklingssjef i Eid kommune, Kristine Dahl, fortalde om det interkommunale planarbeidet som er gjort på land med omsyn til ferjefri kryssing, og Nils Husabø i ingeniør- og arkitektfirmaet Asplan Viak gjekk nærare inn på dei ulike kryssingsalternativa.
Tre alternativ blir sett på som aktuelle. Alternativ A er flytebru med slusesystem for å sleppe gjennom store båtar, alternativ B og C er høgbru/hengebru. Førstnemnde er tenkt med landfeste i nærleiken av dagens ferjekaier, hengebrualternativa vil ha landkjenning litt lenger aust på begge sider av fjorden. Hengebruene vil bli i overkant av 1700 meter lange mellom brufesta.
Alternativ B og C er tilpassa ein eventuell framtidig tunnel gjennom fjellet til Hornindalsvatnet.
Les meir i papirutgåva måndag.