Forenkling vil føre til ei sentralisering av matproduksjonen, skriv fylkesordførar Jenny Følling som ein reaksjon på landbruksmeldinga.

Effektiviserer og forenklar vekk distriktslandbruket

KRONIKK AV FYLKESORDFØRAR JENNY FØLLING: Landbruksmeldinga er eit langt steg vekk frå den norske landbruksmodellen som har sikra produksjonen av rein og trygg mat i Sogn og Fjordane og heile landet gjennom mange år.

Landbruksmeldinga har vekt eit enormt engasjement for landbruket. Tysdag 24. januar var bøndene i Sogn og Fjordane benka til stormøte på Skei. Tema var jordbruksmeldinga, og landbruksminister Jon Georg Dale var til stades. Det var sett fram 350 stolar, men det var langt frå nok.

Bondelagsleiar Anders Felde konstanterte at: «Den klamme handa som ligg over heile meldinga, er ein kostnadseffektiv matproduksjon. Eg ser på det som ein trussel mot våre område i tida framover».

«Eg forstår ikkje kritikken», sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Han meiner han har lagt fram ei god melding, men registrerer at Vestlandet er den delen av landet som har vore mest kritisk. Han forstår det ikkje, trass i at han er oppvaksen på Sunnmøre!

Stortingsmelding nr. 11: «Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon» kom til jul. Etter å ha gått gjennom alle sidene, ser vi at meldinga slår kilar inn på så mange punkt at resultata kan bli alvorlege for det landbruket vi kjenner. Mange meiner tittelen like gjerne kunne ha vore «Endring og avvikling».


«Den klamme handa som ligg over heile meldinga, er ein kostnadseffektiv matproduksjon. Eg ser på det som ein trussel mot våre område i tida framover».


Meldinga er eit langt steg vekk frå den norske landbruksmodellen. Ein modell der vi brukar budsjettpengar for å utjamne ulike inntektsmoglegheiter mellom store og små gardar og mellom geografisk ulike område.  Ein modell som tek biologisk matproduksjon på alvor, som sikrar omsetting av produkta bøndene produserer. Ein modell som tek utgangspunkt i familiejordbruket og dei mange, langsiktige eigarane, som vil forvalte jorda i generasjonar.



Landbruksmeldinga har mange honnørord om trygg mat, god dyrevelferd, berekraftig landbruk og livskraftige distrikt over heile landet. Problemet er berre at landbruket ikkje kan oppretthaldast, dersom store deler av den landbruks- og distriktspolitiske verktøykassa vert forenkla vekk.

Jordbruksavtalen får bestå, men det vert lagt opp til ei rasering av importvernet. Regjeringa tilrår i stor grad å avvikle marknadsordningane. Landbruket skal no reddast ved å fjerne dei fleste av ordningane som det norske landbruket er fundamentert på. Det er dei ordningane som gjer at vi framleis har landbruk over heile landet. Regjeringa varslar at forenkling skal vere eit stikkord i dei kommande jordbruksoppgjera. På pressekonferansen der meldinga vart lagt fram, fekk vi sjå ei landbrukspolitiske skryteliste, toppa av 40 såkalla forenklingar.

Dei kan forenkle bort forhandlingane. Det er mange små og store grep som blir foreslått, som til dømes å legge tilskott for ferie- og fritidsavløysing inn under husdyrtilskottet. Det står i landbruksmeldinga at dette vil gje avgrensa omfordeling, og at det ikkje vil bidra til store reduksjonar i behov for avløysing. Eg trur ikkje det stemmer, eg fryktar at dei bøndene som verkeleg trenger fritid ikkje vil kunne ta seg råd til det. Korleis vil dette slå ut på rekruttering til næringa?


«Også bonden bør ha høve til å kunne ta ferie og fridager.»


Vi skal vere forsiktige med å samanlikne sjølvstendig næringsdrivande med arbeidstakarar. Men å fjerne feriepengane og legge dei på timelønna ville fått nokon uheldige konsekvensar. Også bonden bør ha høve til å kunne ta ferie og fridager.

Regjeringa skryter over kor mykje enklare livet har vorte etter at taket for arealtilskott vart fjerna. «Det er viktig at tilskuddssystemet ikke igjen forvanskes gjennom gjeninnføring av tak og strukturdifferensierte satser i arealtilskuddene», heiter det i landbruksmeldinga. Då får vi visst heller leve med dei enorme omfordelingane som omlegginga har skapt når tilskottet har blitt flytta frå distriktslandbruket til dei store einingane. Eg meiner det er nødvendig at gardsbruka blir kompenserte for faktiske driftsulemper. Dei små bruka er små på grunn av geografiske forhold. Ikkje alle har like flotte og flate jorder som dei store på Jæren og på flatbygdene på Austlandet.

Marknadsreguleringane slepp heller ikkje unna forenkling i landbruksmeldinga. Eple og poteter skal bli frittgåande, egg og korn nesten, og til og med geitemjølk misser marknadsbalansering og mottaksplikt. Som om mjølkeproduksjon på geit skulle vere ein urbanisert produksjon i nærleik til meieri og marknad.

For Vestlandet spesielt og distriktsjordbruket generelt inneber jordbruksmeldinga så store negative endringar, at det mest nærliggande rådet til Stortinget er å sende ho i retur til regjeringa. Det er på tide å seie eit tydleg JA til norsk landbruk i heile landet.

Norsk landbruk har ei verdiskaping på over 150 milliardar kroner. 100 000 personar er sysselsette i næringa. Norge og Island har den lågaste bruken av antibiotika i verda. Giftbruken innan planteproduksjon og frukt og bær er låg. Ser vi litt stort på det, så har landbrukspolitikken i Noreg vore ein suksess. Suksessen har landbruket fått til gjennom eit aktivt samspel mellom bonden, samvirka, organisasjonane og staten.  


«Forenkling gjev mindre høve til å sikre målretta ordningar retta mot ulike driftsvilkår, produksjonar og distrikt. Forenkling vil føre til ei sentralisering av matproduksjonen.»


Forbrukarane har høg tillit til den norskproduserte maten, og er stolte av den norske bonden som leverer rein mat av høg kvalitet og eit levande kulturlandskap. Vi ser no dessverre at areal i ferd med å gå ut av drift, spesielt på Vestlandet og i Nord-Norge. Vi ser at matproduksjonen vert sentralisert, og veks i områda som har dei beste forholda for planteproduksjon.

Mange var spente på landbruksmeldinga – ville det komme klare verkemiddel som motverkar denne utviklinga? Det fekk vi ikkje svar på! To ord går igjen i meldinga. Det er effektivitet og forenkling – effektiv matproduksjon og forenkling av verkemiddel. Forenkling gjev mindre høve til å sikre målretta ordningar retta mot ulike driftsvilkår, produksjonar og distrikt. Forenkling vil føre til ei sentralisering av matproduksjonen. Denne utviklinga må stoppast av Stortinget, og KrF og Venstre har eit særskild ansvar som støtteparti til regjeringa!

Jenny Følling
fylkesordførar

Bondelagsleiar Anders Felde og fylkesordførar Jenny Følling.