Foto: Gloppen brann og redning.

E39 i Våtedalen er opna att

E39 gjennom Våtedalen opna att for fri ferdsle kl. 16:20 måndag etter at det i ein periode hadde vore trafikkdirigering som følgje av brann i ein semitrailer.

– Det var branntilløp i motorrommet til semitraileren, men føraren hadde sløkt mykje sjølv før brannmannskap som sløkte resten kom på plass, opplyser vakthavande brannbefal i Gloppen brann og redning, Arne Mykland.

Han fortel at det aldri var snakk om ein stor brann, men at det kom opne flammar frå motorrommet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Truleg er det ei teknisk årsak til at det tok fyr, seier han og legg til at det var kalk, og dermed ikkje noko farleg gods, i hengaren.

Traileren er trygt plassert i ein busslomme og dermed ikkje til hinder for trafikkavviklinga.

Det blir truleg ny dirigering av trafikken når trekkvogna skal hentast av bilbergar seinare i kveld. Kalkvogna kjem til å bli ståande att.