Illustrasjonsfoto: Solveig Vikene/NTB/NPK.

Dyrehelsa i Noreg blant dei beste i verda

Med fråvær av mange smittsame sjukdommar, er norsk dyrehelse blant dei beste i verda, konkluderer ein rapport frå Veterinærinstituttet.

Det er første gongen Veterinærinstituttet har samla vurderingane sine av helse- og velferdssituasjonen for landdyr i Noreg i ein nasjonal dyrehelserapport, heiter det i ei pressemelding frå Landbruks- og matdepartementet med omtale av rapporten.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad kommenterer rapporten på denne måten:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den geografiske plasseringa til Noreg langt mot nord med eit kjølig klima og små gardar med avstand mellom husdyrbesetningane, er ein fordel med tanke på å halda smittepress og sjukdomar nede, seier ho i ei pressemelding.

Ho strekar samtidig under at den gode norske dyrehelsa ikkje har kome av seg sjølv – og at det krev ein kontinuerleg innsats for å halda den gode statusen ved like – ikkje minst med tanke på klimaendringar og auka globalisering.

(©NPK)