Du bestemmer!

I dag set vi strek for valkampen når det gjeld redaksjonelle saker og lesarinnlegg. Måndag er det valets kval. No har politikarane i dei ulike parti i alle kommunar og på fylkesplan sagt sitt for å overbevise akkurat deg om at du bør røyste på dei og deira parti. No er det opp til deg. For det er du som bestemmer.

Det er det som er den fine greia med demokratiet vårt, med jamne mellomrom må makta og politikarane innom ein sjekkstasjon der du og eg og mange andre sit, og der vi faktisk bestemmer kva vi skal gjere med dei. Skal vi setje dei på, eller vrake dei? Dette er ein rett vi oppmodar alle om å bruke på måndagen. Bruk den på kven du vil, men bruk den!

Dette er sjølve fundamentet i folkestyret vårt, og det er for dårleg at vi dei siste åra har sett at valdeltakinga har gått nedover og lagt seg på eit for lågt nivå. God valdeltaking på måndagen er ein av dei største sigrane vi kan få. Det er ein rett som svært mange andre rundt om i verda berre kan drøyme om.

Elles knyter det seg som vanleg stor spenning kring valet i mange kommunar. Kven vinn makta og kven skal få bere ordførarkjedet? Mellom desse er både Gloppen og Jølster.

Les heile leiaren i papirutgåva fredag.