Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom og Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet møtte staten i Oslo tingrett tidlegare i haust. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Dommen på fjordsøksmålet blir kjend innan 21. november

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har saksøkt regjeringa for at dei har tillate å dumpe gruveavfall i Førdefjorden. No nærmar tida seg for at ein dom blir avsagd.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom meiner at Klima- og miljødepartementets tillating til å dumpe opptil 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden er eit klart brot med forureiningslova og EU-direktiv.

Den 18. september til 4. oktober 2023 blei det såkalla fjordsøksmålet behandla i Oslo tingrett. På sidene til Naturvernforbundet står det at dommen er venta 10. november.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oslo tingrett seier til NPK at siste antyding er at dommen blir avsagd innan 21. november. (©NPK)