– Vi er heldige som kan snakke med nokon som kjenner situasjonen. Vi forstår kvarandre godt, seier dei gamle klassevenninnene Janne Katrin Føleide og Unni Tveit. Frå venstre Janne Katrin sine trillingar Isabell, Mathias og Sander, og Unni med Luka, Nora og Iben.

Dobbel trillinglukke på Vereide


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka var første gong publisert i Firda Tidend oktober 2012.




– Ein skulle ikkje tru det var mogleg, det er heilt sprøtt, smiler Janne Katrin Føleide og Unni Tveit.



Dei to klassevenninnene frå Vereide skule sit med kvar sin trillingflokk på fanget.


Dei er fødde det same året, voks opp eit par kilometer frå kvarandre, gjekk i klasse i lag på Vereide skule, Gloppen ungdomsskule og Firda vidaregåande skule. 21 år etter at dei gjekk ut av 6. klasse på den no nedlagde skulen på Vereide i lag med tre andre jenter og tre gutar, er Janne Katrin Føleide og Unni Margrete Reinen Tveit trillingmødrer.

Éin av 7.200


Ifølgje Store norske leksikon er éin av 7.200 fødslar trillingfødslar. Sjansen for at to av fem jenter frå ei lita klasse på ein liten skule skulle få trillingar, er forsvinnande liten. Så liten at sjølv statistikkane slit med å strekkje til.

– Ei av dei vi gjekk i klasse med har uttrykt at ho ikkje torer å få fleire ungar av frykt for at også ho skal få trillingar, smiler Janne Katrin Føleide.

5. mai 2010 blei ho og ektemannen Knut Oddvar Sundli foreldre til to gutar og ei jente. Knapt to år seinare, 10. april i år, følgde Unni Tveit og sambuaren Bjørn Skarbøvik etter som trillingforeldre. Dei fekk to velskapte jenter og ein gut.


Trillingane på Føleide er blitt to og eit halvt år gamle. Pappa Knut Oddvar og mamma Janne Katrin har teke til i arbeid att, høvesvis som vernepleiar i psykiatritenesta på Nordfjordeid og som pedagogisk leiar i Bakkeligrenda barnehage. Ungane går i Nordstranda barnehage.

– Absurd tanke


For Janne Katrin og Knut Oddvar var trillingane dei førstefødde.

– Den første spontane reaksjonen då vi fekk vite at vi skulle ha trillingar, var latter. Det var ein heilt absurd tanke. Vi stod berre og såg på kvarandre i heisen etterpå. Det gjekk ei stund før det gjekk opp for oss kva det ville seie i praksis. Samstundes var det spennande korleis det ville gå med svangerskapet. Trillingsvangerskap er forbunde med stor risiko, seier dei og ser på dei søte små som no er blitt to og eit halvt år.

– Vi har ein hektisk kvardag, det skjer eit kvart heile tida, men det er kjekt å følgje utviklinga av personlegdomane deira. Dei er ganske ulike, smiler paret som flytta heim til Gloppen frå Bergen i fjor sommar.

No bur dei på Føleide, i Janne Katrin sin barndomsheim.

– I sjokk


Unni og Bjørn hadde til saman tre born frå før. Bjørn hadde Ihne på elleve og Mia på åtte frå eit tidlegare forhold, saman hadde dei Theo på to. Tanken var å avslutte med éin unge til. Slik skulle det ikkje gå.

– Vi var veldig innstilte på å få éin til og var heilt i sjokk då vi fekk vite at vi skulle ha tre. Eg registrerte at magen var litt større enn i det første svangerskapet, og lurte litt på om det kunne vere fleire, men ein tur til legen stadfesta at det berre var snakk om éin. Legen høyrde éin hjartelyd i tillegg til min eigen. Det var vi godt nøgde med, fortel Unni.

Ultralydundersøkinga ei stund seinare gav eit heilt anna resultat.

Storfamilien på Askøy er heime hjå Unni sine foreldre på Vereide i samband med at trillingane skal døypast i Vereide kyrkje laurdag. F.v. mamma Unni og Iben, Theo, Mia, Ihne og Luca, pappa Bjørn og Nora.

– Legen sa først at han såg tvillingar. Vi var sjokkerte allereie då. Så blei han stille ei lang stund, før han sa at han såg ein til. Då hadde han sett nok og slo av apparatet, smiler Unni.

– Vi var veldig spente før den neste ultralyden, vi var slett ikkje sikre på at der ikkje var endå fleire, humrar Bjørn og fortel om ulike tilbakemeldingar frå dei som stod paret nærast etter at sjokkbeskjeden kom:

– Dei rundt oss var heilt i sjokk. Vi fekk mange negative reaksjonar frå personar som var bekymra for oss. For vår del gjekk det ein dag eller to, så innsåg vi kor heldige vi trass alt var og tok til å planlegge. Vi måtte det.

– Må kjempe for alt


Å få trillingar inneber ein stor omsnunad i livet. Tilgangen til informasjon for komande trillingforeldre er ikkje den beste.

– For mange går nok rullegardina ned når dei får vite at dei ventar tvillingar eller trillingar, og det er lite informasjon å finne rundt omkring. Eg har fått veldig god hjelp frå Janne Katrin. Det er eg veldig takksam for, eg har vore heldig slik sett. Dei aller fleste er ikkje så heldige. Det er veldig dumt at det ikkje er laga meir informasjonsmateriell, seier Unni som no har starta sin eigen blogg til hjelp for andre som er i same situasjon:

– Der har eg skrive ærleg om alt kan hugse av reaksjonar, tankar og handlingar frå vi bestemte oss for å få ein unge til, til no.

Janne Katrin opplevde mykje av den same informasjonsmangelen då ho fekk vite at ho var gravid med tre.

– Ein må finne ut av det meste og kjempe for alt sjølv, seier ho og fortel om lite hjelp frå det offentlege etter at trillingane kom til verda:

– Vi budde i Bergen det første året, og kommunen ville ikkje bidra i særleg grad. Vi fekk 7,5 timar vaskehjelp i veka, men heile tida kom det nye personar som måtte lærast opp. Det var det ikkje mykje hjelp i. Vi fekk også tilbod om vaskehjelp til 250 kroner timen. Det var heilt uaktuelt. Vi klaga til Fylkesmannen og departementet, men det blei ikkje noko betre. Departementet meinte at vi ikkje hadde rett til hjelp, det var opp til kvar kommune kva hjelp dei ville gje.

20 timar hjelp i veka


Unni og Bjørn bur til dagleg på Follese i Askøy kommune. Dei har fått langt betre offentleg støtte enn kva Janne Katrin og Knut Oddvar kan fortelje om.

– Kommunen tilbaud oss først éin time klevask og éin time flaskekoking i veka. Det takka vi nei til og anka avgjerda. Mange, mellom andre helsesøstrer og sosionomar, var sjokkerte over kommunen si haldning og prøvde å hjelpe oss. Då snudde Askøy kommune og tilbaud oss ti timar pleiehjelp og avlasting i heimen. Dette auka til 20 timar i veka då Bjørn tok til att i arbeidet som lærar i august, fortel Unni som sjølv er tilsett i marknadsavdelinga i DNB.

– Vi har fått hjelp på kveldstid også, det var flaskehalsen for oss, legg ho til og fortel at vedtaket i kommunen skal opp til ny vurdering i komande veke:

– Vi har fått munnleg melding om at vi skal få hjelp inntil vidare. Det er spesielt viktig morgon og kveld, då er det hektisk.

Økonomisk løft


Med fire bleieborn seier det seg sjølv at det meste dreiar seg om ungane og deira behov for storfamilien på Askøy.

– Det har vore 160-170 bleieskift i veka, men skifting av bleier er eigentleg det minste problemet. Ein tek alle på same tid og blir rasjonelle og effektive. Det mest slitsame er matinga, det tek så lang tid, seier Bjørn Skarbøvik.

– Vi er nede i fire måltid i døgnet no, vi har akkurat slutta med nattmåltidet, supplerer sambuaren Unni.

Å få trillingar inneber også eit stort økonomisk løft for foreldra.

– Alt blir for lite. Ein må ha tre sett av alt utstyr, ny bil og større hus, konstaterer Bjørn som har nytta opphaldet i Gloppen denne veka til å kjøpe seg ny bil på Frydenbø Bilsenter.

– Det er økonomisk utfordrande, men vi har vore heldige og fått ein heil del utstyr med familie og vener, seier Janne Katrin Føleide.

Gode støttespelarar


Gode støttespelarar har dei også i bleieprodusenten Libero og barnematprodusenten Nestlé.

– Vi får bleier tilsvarande forbruket til éin av ungane i to år, og Nestlé spanderte alt vi trengde av barnemat det første året, fortel Janne Katrin.

– Vi har teke kontakt med ein del produsentar og mellom anna fått bilstolar, vogn, vognposar og tripptrappstolar frå Barnas hus til ein verdi av 28.000 kroner. Vedkomande vi snakka med tykte sikkert synd i oss, fortel Unni.

– Ein må vere kreativ og spørje. I verste fall får ein eit nei til svar, men erfaringa vår er at privat næringsliv er veldig imøtekomande og gjerne hjelper til. I det offentlege må ein kjempe for alt. Det er stikk motsett av det ein skulle tru, konstaterer Bjørn.

Det nærmar seg leggetid, men først skal kveldsmaten gjerast unna.

– Mykje å vere takknemlege for


Sjølv om det er krevjande å vere trillingforeldre og dagane stort sett går i eitt for å kome rundt med alle gjeremåla som følgjer med, set både Janne Katrin Føleide, Knut Oddvar Sundli, Unni Tveit og Bjørn Skarbøvik stor pris på den lukka det er å få trillingar.

– Ein tenkjer at det er mykje styr og stell å få tre ungar på éin gong, men når ein står midt oppe i det vil ein gjerne ha med seg alt. Dessutan må vi hugse at vi er heldige som har fått tre friske ungar. Alt kan skje under eit trillingsvangerskap, vi såg føre oss dei verste scenarioa, seier Janne Katrin og får støtte frå dei andre.

– Det er veldig kjekt med trillingar. Alternativet kan vere ikkje å få born, det er mykje verre. Vi har mykje å vere takknemlege for. Vi må tenkje at vi er heldige, det er ikkje mange som får oppleve dette, seier Unni.

– Og kva råd vil de gje til andre som får beskjed om at dei skal ha trillingar?

– Ein tenkjer at det er tredobbelt arbeid å få tre ungar samtidig, men det er ikkje slik. Ein har ikkje noko å frykte viss alt går fint og ein får friske ungar. Det er viktig å ta kontakt med støtteapparatet så tidleg som mogleg og gjere alt ein kan før ungane blir fødde. Ikkje leit for mykje på nettet, der er det nesten berre skrekkhistorier som vi ikkje kjenner oss att i, seier trillingforeldra og gjer seg klare til kveldsstellet.

To trillingsett skal matast og leggjast. Det tek litt tid...