Søndag 6. september arrangerer DNT «Kom deg ut-dagen». Foto: Marius Dalseg Sætre/DNT.

DNT oppfordrar alle til å komme seg ut i helga

Søndag 6. september arrangerer DNT den nasjonale «Kom deg ut – dagen». 180 arrangement skal gå av stabelen, men tilstellingane er langt mindre enn vanleg for å vareta smittevern.

– I år blir det arrangert «Kom deg ut – dag» på 180 stadar over heile landet. Vi har aldri før hatt så mange arrangement, men dei blir til gjengjeld små. Vi går bort frå dei store arrangementa som trekker hundrevis av deltakarar. Dette gjer vi for å sikre smittevern og at alle får ei god og trygg oppleving, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, i ei pressemelding.

Kvar haust og vinter arrangerer medlemsforeiningane i DNT ein nasjonal turdag. Her får deltakarane ein smakebit på friluftslivet med enkle aktivitetar, heilt gratis.

Artikkelen held fram under annonsen.

DNT oppfordrar alle til å rette blikket mot nye turmål der dei bur og bruke søndag 6. september som ein oppstart for tursesongen.

Hausten er vel verd å ta i bruk ute. Klar luft, sterke fargar og lys nok til lange dagar med uteleik eller vandring, skriv DNT i pressemeldinga.

– Vi lærte mykje i vår, blant anna kor kort du treng å gå for å få gode naturopplevingar. Naturen har blitt ein fristad for endå fleire, og er det noko vi treng etter eit langt år i unntakstilstand, så er det å ta med oss dei gode nærtur-erfaringane frå våren med oss inn i hausten, seier Klarp Solvang.

(©NPK)