Foto: Karoline Riise Kristiansen/NPK.

DNT markerer 150-årsjubileum med gratis overnatting for fjellvandrarar





Den Norske Turistforening (DNT), som vart stifta i 1868, har hytter blant anna i Jotunheimen, Breheimen, Langsua, Femundsmarka og Alvdal Vestfjell. I 2017 hadde foreininga til saman 450.700 overnattingar.


Når opninga av sommarhyttene finn stad laurdag 30. juni, er det med tilbod om gratis overnatting.


– Opninga er eit supert høve til årets første fjelltur, med fint og tørt føre dei fleste stadar i landet, seier generalsekretær Nils Øveraas i DNT.


Foreininga har hatt vekst i talet på overnattingar, og i år varslar Øveraas at det kan bli ny rekord.


– Talet på medlemmer aukar stadig og DNT får fleire hytter. I år luktar vi på rekordhøge 500.000 overnattingar på hyttene våre, seier han. (©NPK)




kirsten@npk.no
Bilete: tc2f91d3