Styreleiar Per Hanasand i DNT. Foto: Bjørn Ivar Voll/NPK.

DNT lovar framleis kamp mot vindkraftutbygging i turområde

Den Norske Turistforening varslar framleis kamp mot utbygging av vindkraft i viktige naturområde. Det skjer etter at NVE måndag peika ut 13 område som spesielt eigna for vindkraftutbygging i Noreg.


– Vi trudde kanskje omfanget kom til å bli endå større. Det har vore snakka om 15 til 20 slike område, men no er vi i alle fall nede i 13, seier styreleiar Per Hanasand i DNT til Nynorsk pressekontor.


Måndag presenterte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) den såkalla nasjonale ramma for vindkraft. NVE peikar på 13 område som eignar seg for vindkraftutbygging på land. Totalt 43 område er blitt vurderte i arbeidet med vindkraftplanen.


– Vi har frå før spelt inn mykje som går på medverknad, for vi meiner den lokale kunnskapen har kome for lite fram. Dessutan er naturen som eigenverdi for lite vektlagt. Det er vi redde for også i fortsetjinga, seier Hanasand.


Om lag ein tredel av områda i dei 13 sonene er aktuelle for utbygging av vindkraft. Dei utvalde områda har eit samla areal på om lag 29.000 kvadratkilometer og ligg mellom kysten og høgfjellet, kyststripa og høgfjellet, opplyser NVE.


Turistforeininga er for den nasjonale ramma, som dei meiner vil rydde opp i kvar ein får konsesjon til å bygga, men varslar framleis kamp for viktige naturområde.


– Det er ikkje ferdig med dette. Det blir ein lang og krevjande prosess for alle partar, ser eg for meg. Til dømes er ytre delar av Sognefjorden kjend for å vere eit veldig attraktivt og eit sjeldan fint område, og dei ligg tungt inne i planen, seier Hanasand.


Forslaget frå NVE skal no ut på høyring, og det er ikkje kjent når Olje- og energidepartementet kjem med ei endeleg avgjerd i saka. (©NPK)