NYTT STYRE: Noralv Distad (i midten) vart valt til ny leiar for Kraftfylka under årsmøtet på Gardermoen 5. april. Foto: Olav Hallset/Kraftfylka.

Distad er ny leiar for Kraftfylka

– I åra framover blir det nødvendig både å produsera meir kraft, økonomisera med eksisterande bruk, og ikkje minst syta for at krafta når fram til der behovet og planane for ny aktivitet er, seier Noralv Distad.

Forbruket av fornybar kraft vil auka sterkt framover i samband med det grøne skiftet og elektrifisering av transport og industri.

Kraftfylka skal vera pådrivar

– Eg vil jobba for at Kraftfylka skal få ei endå sterkare rolle i energisaker, som pådrivar for framtidige løysingar og som samarbeidspart med kommunar, statlege organ, partane i arbeidslivet og energibransjen, slår den nyvalde leiaren fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noralv Distad representerer Høgre i fylkestinget i Vestland og er også medlem i fylkesutvalet og hovudutval for næring. Han sat i fylkestinget i Sogn og Fjordane i fleire periodar og har vore kommunepolitikar i kraftkommunen Aurland, der han også var ordførar i åtte år.

Distrikta må få sin del

Kraftfylka er organisasjonen for dei største kraftproduserande regionane i Noreg, med medlemmar frå heile landet, frå Finnmark til Agder. Det ligg svært store verdiar i kraft, og Distad er oppteken av at distrikta der kraftproduksjonen er bygd ut, skal ha sin rettkomne del.

– Eg ser fram til å leia styret for Kraftfylka dei komande to åra. Både Vestland og andre fylke har grundige og gode planar for fornybar energi. Det gir Kraftfylka solide plattformer og god kompetanse for å spela ei større og meir aktiv rolle i framtida. Vestland sjølv står for om lag 25 prosent av produksjonen av fornybar kraft her i landet. Då seier det seg sjølv at kraftsaker er svært viktige for både fylket og fylkeskommunen, seier Distad.

Fylka må læra av kvarandre

Han er også oppteken av at Kraftfylka skal vera eit nettverk der medlemsfylka og regionane kan læra av og dra vekslar på kvarandre. For Vestland sin del er Grøn region Vestland sentralt.

– Vestland har store ambisjonar i dette prosjektet, og det er slik me må jobba, med å byggja opp energiknutepunkt for omstilling, utsleppskutt og nye arbeidsplassar, slår Distad fast.

Grøn region Vestland er eit samarbeids- og koordineringsprosjekt, som alt har fått mykje merksemd nasjonalt. Det skal støtta, oppmuntra og hjelpa industrien i arbeidet med klimaomstilling, auka eksport og for å skapa fleire grøne jobbar.