Olina Kollbotn. Pressefoto.

Disputerer for doktorgraden

Olina Kollbotn disputerer for graden PhD i sosialt arbeid ved Fakultetet for samfunnsvitskap og teknologileiing ved NTNU i Trondheim, 21. oktober 2016.

Tittel på avhandlinga: Handlingsrom og læringsmuleghetar. Ein studie av vilkår for læring og kunnskapsutvikling ved sosialkontor og sjukeheim.

Føremålet med studien er å få kunnskap om kva individuelle og organisatoriske vilkår som fremjar eller hemmar læring, kunnskapsutvikling og vidareføring av kunnskap på grasrotplan i offentlege tenesteytande organisasjonar som sosialkontor og sjukeheim.

Studien er ein komparativ, kvalitativ casestudie, og data er etablert på basis av djupneintervju, deltakande observasjon og observasjon, samt uformelle samtaler, over ein tidsperiode på 12 veker ved sosialkontor og sjukeheim i to kommunar. Deretter er data analysert og tolka i lys av læringsteoretiske perspektiv.

Analysen presenterer to hovudkategoriar av praktikarar, omgrepssett som reflekterte praktikarar og kvardagspraktikarar. Dei reflekterte praktikarane vert kategorisert i fem undergrupper: analytisk, relasjonell, praktisk-nettverksorientert, kritisk, og visjonær, basert på deira særeigne måtar å møte og løyse situasjonar. Felles for desse praktikarane er at dei ut frå styrken i sine ulike særtrekk og drivkrefter greier å skape og ta i bruk handlingsrom i sitt daglege arbeid. Gjennom dette skaper dei vilkår for å tilføre det daglege arbeidet og organisasjonen læring som utviklar og utfordrar etablert praksis, det som i avhandlinga blir kalla ”utover her-og-no”.

Men funna viser også at dersom dei reflekterte praktikarane sin ”utover her-og-no” kunnskap skal bli overført til organisasjonen, så trengst det eit ”mottaksapparat”, dvs. at kunnskapen blir lytta til, anerkjent, drøfta og tatt i bruk på organisasjonsplan. Leiarstøtte er her viktig. Eit sentralt funn er at dei fleste praktikarane i liten grad artikulerer eigen handlingskunnskap og forståing, med mindre nokon spør og er interessert. Ut frå dette blir den praktiske kunnskapen stort sett verande taus.

Funna viser at god organisering av arbeidsprosessane, leiarar som er tilgjengelege og som forstår seg på faget, møtearenaer som gir rom for refleksjon, samt arbeidskulturar som verdset bruk av skjønn, på kvar sine måtar bidreg som fremjande vilkår for læring og kunnskapsutvikling, både individuelt og kollektivt.
Omgrepa knytt til dei reflekterte praktikarane sine særtrekk og drivkrefter kan vere ei hjelp for organisasjonar å få auge på og forstå korleis ulike praktikarar har ulike styrkar i det å møte situasjonar, og at dei ut frå dette lærer ulikt. På same vis kan omgrepa ”kvardagspraktikar”, ”her-og-no” og ”utover her-og-no” vere nyttige for organisasjonar og grasrotmedarbeidarar for å setje eit kritisk blikk på eigen praksis. Omgrepa kan også bli utprøvd eller brukt som analytiske verktøy ved vidare forsking innan feltet.

Olina Kollbotn er tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, ved Avdeling for samfunnsfag og har vore stipendiat og høgskulelektor ved Institutt for samfunnsvitskap.