Framføringa av "O helga natt" var mektig.

- Dette var fantastisk

Kvart einaste år brukar Oslo Gospel Choir å invitere til julekonsertar, og fredag kveld var vi så heldige å få oppleve koret i vår eiga storstove.



I to omgangar fylte dei kultursalen og gav publikum ei uforgløymeleg oppleving.

- Dette var fantastisk, den flottaste julekonserten eg nokon gong har vore på, sa Svanhild Liseth Solheim etter den første konserten.

Ny julesong

Med vakker song, variert koreografi og eit stemningsskapande lysdesign trollbatt dei publikum frå første stund. Runde glødelampar i klart glas hang ned frå taket over scena, og mot slutten av konserten vart ein heil stjernehimmel tent i bakgrunnen. Alt var så gjennomført og fint. Men først og fremst var det dei dyktige songarane – og julesongane – som varma og nådde inn til kvar og ein av oss som sat i salen.

– Vi skal synge norske julesongar, amerikanske julesongar og litt gospel for dykk. Og vi skal framføre to songar frå musikalen «Messias». Av og til kjem det ein ny julesong frå Oslo Gospel Choir, og i år er det tilfelle, fortalde han, og fekk publikum med på å lære litt av teksten på den nye songen: «Himlen har kommet ned til vår jord, lovsangen lyder fra englenes kor.»

Ønskjer å hjelpe

På juleturneane brukar koret å samarbeide med ulike hjelpeorganisasjonar.

– Det gjer vi også i år, og dette året er det Misjonsalliansen som er samarbeidspartnaren vår. Visste du at halvparten av sjukdomane i verda smittar gjennom vatn? Årets prosjekt handlar om å skaffe reint vatn til born i Liberia. I dag er det slik at borna må gå tre-fire timar kvar dag for å hente vatn. Vi samlar inn pengar til brønnboring i nærleiken av skulen borna går på. Så kan dei ta med seg vatn heim etter skuletid. Vi ønskjer å hjelpe og veit at det nyttar, sa Tore Aas.

Han satsar på at det ikkje går 29 år før koret kjem tilbake til Sandane.

– Vi håpar vi blir invitert tilbake og at de vil kome igjen då, og så vil vi ønske alle ei riktig god jul, sa dirigenten, før koret avslutta konserten med å framføre juleevangeliet og «O helga natt».