Erna Grov kan juble for eit vellukka løft som har flytta ferihuset hennar vekk frå den nye E-39.

- Dette gjekk både glatt og kjapt

 – Dei skulle sett oss no, forfedrane våre. Då hadde dei truleg lurt på om vi er heilt i orden, smilte Erna Grov der ho sat og venta på at huset hennar skulle ta turen frå plassen sin ved vegkanten til ny tomt ein del høgdemeter ovanfor.

F.T.: Hallstein Dvergsdal

I samband med bygging av ny E-39 på strekninga Bjørset –Skei, må ein heil del bygningar vike plass. Det handlar om alt frå heile tun til garasjar og mindre uthus. Alt i alt  må over tretti bygningar vike for den nye vegen.

Dei fekk huset 

Huset som i dag tok luftvegen har stått trygt plassert like ved E-39 sidan 1957. Dagens eigar, Erna Grov, arva i si tid huset etter ei tante og har ått det sidan 1996

- Huset er lafta og for godt til å rive. Dessutan har vi pussa det opp, eit prosjekt som har gått over mange år. Såleis bestemte vi oss for eit år sidan for å prøve å flytte huset, fortel Erna og mannen, John Ove Grov. Dei fortel også at huset vart kjøpt ut av vegvesenet på vanleg måte, men at dei kunne få ta det med seg om dei flytta det innan 31. august i år.

Dermed starta arbeidet med å planlegge det spesielle løftet, eit løft mange meinte ikkje kunne gjennomførast, men som Førde Kranutleige no har utført.

Tungt og langt

-Eg hadde fem tonn å gå på, fortalde kranførar Krister Kjelsnes etter løftet på 23 tonn som vart flytta 36 meter, 4 meter unna maksrekkevidda til krana.

På få minutt manøvrerte han huset ut av murane, løfta det opp så alle dei frammøtte fekk sjå det mot ein bakgrunn av fjell og bre, før det vart pent og pynteleg plassert på den nye muren.

- Eg hadde aldri trudd at dette skulle gå så kjapt, det er rett og slett imponerande, sa Erna Grov der ho spent følgde det spektakulære løftet frå orkesterplass på oppsida av tomta.

Mykje måtte gjerast før løftet

For at huset skulle kunne løftast, måtte vekta reduserast så mykje som mogeleg. Pipe, brannmur og takstein vart fjerna, før solide stålbjelkar vart lagde under råma og huset var klart for luftetur.

- Det går nok ei tid før vi kan bruke det. Det som står her no er eigentleg berre eit skal, men eg er glad for at vi gjorde dette. Å rive eit så fint og solid hus, hadde vore for gale, seier Erna som kan fortelje at ho held seg innan budsjettet for prosjektet, sjølv om løftet kosta 250 000 kroner.

 





 

Trygt på plass
Det var dimensjonar over løfteutstyret
huset er komme på plass og nede ved E-39 er det berre murane som står att.