Midt i biletet kan vi sjå skispora ned det rasfarlege området.

- Dette er galskap

Det var mange som søndag vart rysta av å sjå skispor ned ei fjellside der det aldri før har vore folk med ski på beina.

Fjellet vi snakkar om er Ola-Hansen i Dvergsdalsdalen i Jølster. Dette eit mykje brukt fjell for skientusiastar. Denne vinteren har det vore enorm stor trafikk på fjellet, og det har vore observert ein del hasardiøse nedkøyringar, men aldri noko i nærleiken av dette.
- Lukka betre enn forstanden
Her har altså ein eller annan sett rett ned den stupbratte lia på nordsida av fjellet, rett opp for Jølster Skyttarstadion for dei som er lokalkjende. Her er det ekstremt bratt og svært rasfårleg, og som ein kar sa det i dag: "Dette er den siste plassen eg kunne tenkje meg å setje utfor på ski"

Ola-Hansen er stupbratt på denne sida. Likevel har folk sett ned der i dag.